Dei siste par vekene har det vore frisk debatt på Møre-Nytt sine Facebook-sider om tilhøvet mellom Ørsta og Volda. Utgangspunktet var professor Amdam sin spissformulerte kommentar om at skilnaden i pendlartal mellom dei to kommunane kunne tyde på at Ørsta var i ferd med å bli ein forstad til Volda.

Nettdebatten inneheld meir eller mindre saklege tilsvar, men verd å merke seg at det ikkje berre er såra erkeørstingar som ytrar seg. Det er også fleire som støttar ei av Amdam sine hjartesaker frå då han var ordførar Volda frå 2015 til 2019: Samanslåing av dei to tvillingkommunane.

Møre-Nytt-redaktøren kommenterer dette i leiarteigen 14.10. Han viser både til den stadig tettare integrasjonen på mange private og offentlege område, og til verdien av større kjøtvekt i konkurranse med andre byar og lokalsamfunn i regionen. Med 22000 innbyggjarar vil den nye storkommunen puste Kristiansund i nakken som fylkets tredje største.

Folkerøystinga i 2016 ga nokså klare nei-fleirtal i begge kommunane (60 og 63 prosent). Sidan då har debatten vore «stein daud». Dei to aktuelle Senterpartiordførarane har også vore tydlege i sitt syn på saka.

Likevel: Det byrjar å bli ei stund sidan 2016, og det er ikkje sikkert nei-argumenta frå den gongen er like gyldige i dag. I alle fall er det truleg mange som er samde med MN-redaktøren sin konklusjon: «Folk som ser oss utanfrå forstår ikkje kvifor Volda og Ørsta ikkje vil vere ein kommune. […} Ein må nok vere ørsting eller volding for å forstå dette. Helst urørsting eller urvolding.»

Sjølv er eg ørsting, men busett i Volda sidan 1982. Foreldra mine var innflyttarar til Ørsta tidleg på 50-talet. Denne bakgrunnnen kan difor vere forklaringa på at eg ikkje forstår motstanden nokre lokalpolitikarar framleis har mot ei samanslåing av dei to tvillingkommunane.

Ein god start på eit fornya ordskifte fram mot neste års lokalval kan difor vere at politikarar i Ørsta og Volda som er imot samanslåing svarar redaktøren i Møre-Nytt, meg og alle andre som er samde med oss på desse tre spørsmåla:

– Kva kommunale tenester vil bli dårlegare og/eller dyrare med større, samanslåtte fagetatar (td. innanfor tekniske tenester, arealplanlegging og miljø)?

– Kva døme finst det på at rivaliseringa mellom Ørsta og Volda har gitt betre tilbod og levekår for innbyggjarane i dei to kommunane?

– Kva er den samla kostnaden i dei to kommunane (i reine utlegg og tidsbruk) i samband med overflyttinga av Bjørke krins og Tussa-anlegga der til Volda?

TORGEIR PARR DIMMEN