Det er sommarferie og vi som er på jobb kan få kjensla av at nesten alle andre har reist langt vekk. Helst til Syden – av ein eller annan grunn. Men den tida då alle aktivitetar er nedlagde her heime om sommaren er over. Det er sommarferie i tettstader og bygder, men ikkje sommarstilt.

Først hadde vi Dei Nynorske Festspela – for 25. gong. Helga etter vart Trandalblues arrangert – for tiande gong. Komande helg er det Indiefjord-festival på Bjørke, eit tilbod som nok trekkjer til seg eit anna publikum enn bluesen på Trandal. Deretter er det tid for Sommarljom i Ørsta.

I månadsskiftet er det igjen klart for Naturfestivalen i Ørsta med klassikaren Saudehornet rett opp. Og i helga før skulestart vert det ny fest på Trandal, med countryfestival. I tillegg kjem mindre profilerte arrangement som sikkert burde vore nemnt.

Spennet er stort i desse tilboda, men ein fellesnemnar kan vere kultur i natur. Kveldslyset over Molladalstindane, sett frå Trandal ein finevertsdag, er ein like stor attraksjon som The Blues Brothers Band. Og kombinasjonen er uslåeleg. Dei som kjem til Indiefjordfestivalen til Bjørke kjem ikkje berre for å høyre musikk, men også for å oppleve naturen der, og stemninga som vert skapt på ein festival mellom fjord og fjell.

Dei Nynorske Festspela skil seg ut frå dei andre. Rett nok stiller mange frivillige opp, men festspela er drive av ein profesjonell organisasjon, med løn frå staten.

Men dei andre arrangementa hadde det ikkje blitt noko av utan lokale eldsjeler og idealistar, samt ein solid porsjon dugnadsånd. Dessutan ser det ut til at lokale sponsorar også ser kor viktige desse sommararrangementa er.

Vi er velsigna med ein fantastisk natur, og stadig fleire kjem hit for å oppleve den. Denne naturen er vår fremste ressurs i reiselivssamanheng, men det er som ei råvare å rekne. Og råvarer treng å foredlast for å skape verdiar.

Her kjem kulturen inn i biletet. For stadig fleire kjem hit for å oppleve kombinasjonen natur og kultur. Takk til eldsjelene som har skjøna at dette er noko folk vil ha.

Desse idealistane, og dei gode hjelparane, har gitt oss mange flotte sommartilbod – tilbod som ikkje minst gjer det attraktivt for utflytta ørstingar og voldingar å kome på sommarbesøk. For dette er tilbod som først og fremst er retta mot kortreiste turistar og nordmenn.