Det å få bruke hesten som medterapeut i yrket mitt er svært givande. 2 dagar i veka gir eg og mine kollegaer på Soltun på Ytrestøylen tilbod om ridefysioterapi til nærmare 40 brukarar. På Soltun er det godt tilrettelagt med ridebane, spesialtilpassa rideutstyr, rampe for rullestol og toalett som er tilgjengelig for rullestolbrukarar.

Ryttarane er i alle aldre, frå 3 år og oppover. Det kan vere mange ulike årsaker til at ein person kan ha nytte av ridefysioterapi. Hesten sine rytmiske rørsler kan medverke til avspenning både fysisk og psykisk. Spastisiteter ved nevrologiske sjukdomar/skader kan dempe seg, og opplevinga av rideturen kan få rytteren til å endre fokus. Når hesten skritter vert heile kroppen til ryttaren påvirka av rørslene. Dette stimulerer begge kroppshalvdelane og dermed begge hjernehalvdelane. Dette er eit viktig moment dersom ein person har lammelsar i eine halvdel av kroppen eller har ein del av kroppen som er svakare enn resten. Riding krev mykje muskelbruk, og det stimulerer spesielt mykje muskulaturen i rygg og mage. Dette viser seg å kunne stimulere til betre kroppshaldning. Riding gir betre balanse, styrke, koordinasjon og konsentrasjon.

For at hesten skal utføre dei oppgåvene ryttaren ønskjer må ein lære seg å samarbeide med hesten og gi dei rette signala til rett tid. Riding krev difor merksemd, konsentrasjon og problemløysing, og skaper ei kjensle av meistring.

Forsking viser at nærkontakt med dyr har positiv effekt på fysisk og psykisk helse. Det å få klappe hesten, kanskje gi den ei gulrot stimulerer mange sansar på ein heilt unik måte. For mange er det også kjekt og lærerikt å få delta i stell og oppsaling av hesten.

Det er spennande å sitte på eit så stort dyr, og det kriblar i magen på dei fleste første gongen dei prøver. Gleda ryttarane viser både verbalt og med kroppsspråk er utrulig givande.

Nokre av ryttarane som deltek på ridefysioterapi utviklar seg til å kunne ri på eiga hand, og langt på veg tilpassar vi timane til den enkelte. Eg skulle likevel ønskje at vi kunne ha ein stad der desse ryttarane kunne utvikle seg vidare når behovet for ridefysioterapi ikkje er der lenger. Eit hestesportsenter som er tilrettelagt slik at det er tilgjengeleg for alle, også dei med ulike fysiske utfordringar, vil vere ein flott stad der hestefolk kan møtast og dra nytte av kvarandre sin kunnskap.

Silje Heltne

Fysioterapeut og ridefysioterapeut