Generelt er forslaget eit stort skritt i riktig retning. Men det ber preg av at det i botnen er same tilbodet som før med tanke på prisstruktur og betaling, og at det einaste som er endra er at det har kome inn alternativ med bindande påmelding til feriane. Tilbodet slik det står fram no er både komplekst og uoversiktleg. Det er vanskeleg å vurdere kva tilbod som faktisk er inkludert i dei ulike alternativa.

Nedanfor påpeiker vi nokre punkt som er svært viktige å endre, og som vi meiner vil vere avgjerande for oppslutninga til tilbodet. I denne saka er det viktig å kome med eit fullgodt tilbod med ein gong, i staden for å starte ut med eit halvgodt tilbod. Vi forstår sjølvsagt argumentet for sjølvkost med SFO både i skuleåret og i feriane. Vi meiner at dei endringane vi foreslår ikkje medfører nemneverdig økonomisk risiko for kommunen.

Paragraf 7: Opningstider

Det er ikkje spesifisert om opningstidene i feriane er annleis enn ved ordinær SFO. Vi meiner det bør vere ein regel om at opningstid på morgonen og tidspunkt for stenging på ettermiddagen ikkje er vesentleg endra i feriane, og at det som minimum bør vere ope i tidsrommet 0800–1600.

Paragraf 8: Tilbod i feriane

Lokalitet

I forslaget heiter det: «Tilbodet vert lagt til ein eller fleire av sentrumsskulane vurdert opp mot etterspurnad, bemanning og SFO-lokala sin kapasitet».

Dagens krav for å halde ope i feriane (på ein av skulane), er at det skal vere meir enn 10 påmelde elevar totalt sett for å dekke kostnaden med å halde ope. Vi trur at eit godt ferietilbod vil bli brukt av mykje meir enn 10 elevar per skule, og meiner derfor at det som utgangspunkt skal verte gitt tilbod ved kvar skule. Det går eventuelt an å inkludere at dersom talet på SFO-brukarar i feriane er mindre enn 10 for ein gitt skule eit år, kan tilbodet bli gitt ved ein av dei andre skulane. Dette må uansett verte vurdert for heile skuleår i gongen, og ikkje frå ferie til ferie. Argumenta våre er som i brev av 27. januar at det er spesielt viktig for dei yngste elevane å kunne møte til faste trygge rammer på den skulen dei skal eller nettopp har starta på. I tillegg vil dette også vere med på å gjere tilbodet mest mogleg føreseieleg (og dermed attraktivt) for foreldre og elevar.

Pris

I forslaget heiter det vidare: «Dei som har valt å betale for 11 månader i året, kan nytte ferietilbodet i SFO i like mange timar pr. veke som i skuleåret.»

Vi meiner det er svært urimeleg at ein SFO-brukar i feriane berre har dekning for same talet på timar som i andre del av skuleåret (20 timar for fullt tilbod, 10–18 for redusert og inntil 9 timar for korttidstilbod). Ein full SFO-plass gir altså etter forslaget frå kommunen berre 20 timar dekning, noko som utgjer 2.5 dag (med 8 timar opningstid). Dette dekker ikkje på langt nær det faktiske behovet.

Med eksisterande ordning er det sagt at 10 elevar er tilstrekkeleg for å dekke kostnadene ved å halde ope i feriane. Prisen for tilbod er for skuleåret 2016/2017 på 1000 kr pr. veke pr. elev. Dette skulle tyde at kostnaden for ein SFO-tilsett er om lag 10.000 kr pr. veke og 60.000 kr pr. år for dei seks ferievekene. Det kan etter reglane vere 15 born per SFO-tilsett, og ved å ta utgangspunkt i dei nye prisane frå hausten 2017 (oppgitt på kommunen sine nettsider), har vi sett opp ei skisse over inntekter og kostnader for ferietilbodet (sjå tabell nedanfor). Vi kan også rekne oss fram til kor mange dagars kostnad som allereie er inkludert i feriebetalinga for dei ulike tilboda.

Ekstraprisen for 11 md. kontra 9,5 md. utgjer for eit fullt tilbod altså allereie meir enn kostnaden med å halde ope. Ut frå dette meiner vi at dei ulike tilboda burde gi automatisk dekning i feriane som følger:

Tilbod - dagar inkl. per veke

Fullt - 5

Redusert - 4

Korttid - 3

Paragraf 9. Foreldrebetaling

Vi meiner generelt at det er lagt opp til ein svært tungvint og kompleks prisstruktur. Eit av problema slik vi ser det er ikkje nødvendigvis berre kostnadsnivået på sjølve tilbodet, men at det er lagt opp til ekstra betaling for enkelttimar oppå dei ekstra månadene ein allereie har betalt viss ein vel 11 md.. Det er heller ikkje kommunisert noko kva kostnadene faktisk er, og då har vi ikkje moglegheit å vurdere kor vidt prisen vi må betale faktisk er i tråd med dei reelle kostnadene.

Løysinga bør vere at dei som har fulltidstilbod har alle feriedagar inkludert i sin månadspris, og at dei som har redusert eller korttidstilbod til vanleg kan betale for heile dagar utover det dei har dekka gjennom sin faste pris. Prisen bør då vere tilsvarande som er pr. i dag med til dømes 200 kr pr. dag.

I forslaget står det: «Det er ikkje mogleg å kjøpe enkelttimar utan å ha fast plass frå før.» Det er fleire foreldre som spør etter moglegheit for at borna kan vere på ferie-SFO sjølv om dei ikkje går på ordinær SFO. Det er stor forskjell på at borna kan vere heime åleine 1–2 timar pr. dag i forhold til ein heil dag som det blir i feriane. Ei løysing kan då vere å ha eit alternativ for påmelding til SFO som inkluderer berre ferie. Det vil då seie at ein totalt sett har tre alternativ: 1) Berre ordinær SFO, 2) Ordinær SFO + ferie, 3) Berre ferie.

I forslaget heiter det: «Vel ein å betale for SFO-plass for 11 md., kan ein i feriane nytte SFO like mange timar pr. veke som i skuleåret (Sjå oversikt over kjernetid for ferie-SFO på kommunen si heimeside).»

Dette meiner vi bør endrast i tråd med kommentarane under paragraf 8. Ordlyden kan t.d. vere slik: «Vel ein å betale for SFO-plass for 11 md., kan ein i feriane nytte SFO i høvesvis 5, 4 og 3 dagar for fullt, redusert og korttidstilbod.»

Vidare står det: «Månadsprisen for 9,5 og 11 månaders tilbod er i utgangspunktet lik. Men: Ønskjer ein større tilbod enn det timetalet ein har valt i skuleåret, må ein betale for dei overskytande timane etter takstar fastsett av Kommunestyret ved budsjetthandsaminga kvart år. Desse ekstratimane søkjer ein om til same frist som for resten av SFO-tilbodet.»

Også her bør ordlyden endrast i tråd med kommentarane over, til t.d. «Ønskjer ein større tilbod enn det talet på dagar ein har dekka gjennom det tilbodet ein har valt, må ein betale …»

TilbodNormal mnd.-sats (haust 2017)Inkludert årleg feriebetaling per elev (1,5 mnd.)Elevar per SFO-tilsettÅrleg inntekt per SFO-tilsettÅrleg kostnad per SFO-tilsettTal dagar allereie betalt per ferieveke per elev.
Fullt2830 kr4245 kr1563.675 kr60.000 kr5,3
Redusert2085 kr3128 kr1546.913 kr60.000 kr3,9
Korttid1290 kr1290 kr1529.025 kr60.000 kr2,4

Are Folkestad

Medlem i FAU, Vikemarka skule

Fredrik Chr. Langlo

Leiar i FAU, Vikemarka skule