Vartdal er ei av dei tre bygdene langs Vartdalstranda, som består av Vartdal, Nordre Vartdal og Barstadvik. (På Nordre Vartdal ligg kyrkja og Vartdal Helsetun).

Ei kvalitetsreform for eldre «Leve hele livet» som er debattert i Ørsta kommune handlar om menneske, fellesskap, aktivitet og god helsehjelp. Dei eldre må få mulegheit til å meistre eige liv der dei bur. Og det er dette dei eldre sjølve vil, å få bu lengst muleg i sin eigen heim. Då må det også leggast til rette for det. Universell utforming og tilrettelagt velferdsteknologi er hjelp på rett veg.

Eit godt utbygt heimetenestetilbod kan gi mulegheiter for eit forlenga liv i eigen heim. Denne tenesta bør vere nær til brukaren, i eit helse-og omsorgsbygg, der ulike aktivitetar og tilbod er samla. Døgnopne omsorgsbustader bør ha si avdeling her, og bli leia av fagpersonar på sitt område og med jamleg legetilsyn, slik det er i dag på Vartdal Helsetun på Nordre Vartdal.

Det er viktig at heimetenesta er plassert i dette bygget, også ein hjelpemiddelsentral m.m. Og kanskje det viktigaste av alt, å ha tilgang til eit lokale der bebuarar, heimebuande eldre, pårørande, lag og org o.a. kan få kome saman i eit hyggeleg fellesskap med song, musikk o.a. kulturaktivitetar. I helse-og omsorgsbygget må det vere eit godt og næringsrikt kjøkken med kaféservering der alle kan få kjøpe seg eit rimeleg måltid kvar dag.

På Vartdal er det planlagt bygging av bustadhus og servicebygg nær sentrum ved sjøen. Eit bukollektiv for eldre bør finne sin plass her. Viktig at der er fleire generasjonar i eit nabolag. Det skaper trivsel både for unge og gamle. Vartdal Helsetun på Nordre Vartdal vil vere den trygge staden å hente hjelp ifrå også for desse.

Når alvorleg sjukdom ramma, må dei eldre kjenne seg trygge på at dei får god medisinsk pleie og omsorg i ein godt utbygd sjukeheim i sentrum, der eit eitt breitt fagleg team er til stades til ei kvar tid. Med ei slik omlegging må det setjast fortgang i utbygginga av sjukeheimsplassar i 2. høgda på Ørstaheimen, og seinare ei generell utviding av sjukeheimsplassar. Legesenteret ligg og i sentrum og Volda sjukehus like ved, dette gir tryggleik til rask og kyndig medisinsk hjelp.

Det må i tillegg leggast opp til fleire korttidsplassar, det er her behovet vil melde seg først.

Vartdal er ingen utkant, for pårørande er det kort veg til sentrum, det går og timesbuss.

Med god og kyndig pleie i ein sjukeheim kan mange friskne til lat og få fleire leveår, andre kan opphalde seg i lang tid i ein sjukeheim. Og her vil mange finne si siste kvile. Viktig at denne sluttfasen i livet vert handsama på ein fin og verdig måte.

Brit Aanning Aarseth