Det er med forundring og skuffelse vi registrerte at Ørsta kommunestyre ikkje ønska utgreiing om eit mogeleg verneområde i den delen av Sunnmørsalpane som ligg i Ørsta kommune.

Kommunestyret vedtok at «dagens bruk er god forvaltning av naturressursar som ivareteke både naturlandskap og fjellheim m.a. ved beitebruk. Kommunestyret ser ikkje behovet for å nytte offentlege midlar og ressursar til utgreiing av eit mogeleg verneområde og ein verneplan i vår kommune.»

I Noreg er 17,5% av landarealet verna, og dette er ikkje fullt ut representativt for naturen i landet. Eit av måla med vern av natur er å ta vare på og styrke naturverdiane for framtida. Vi ser at naturen byggast ned litt her og litt der, noko som i sum gjer at verdiane forvitrar. Naturen forsvinn for oss og vi sit at fattigare enn vi var.

For 13-14 år sidan var det store diskusjonar om lineval knytt til planlegging av traseen for kraftlina mellom Ørskog og Fardal. Datidas bruk og forvaltning av fjellområda må kunne seiast å vere svært lik som i dag, men det var ikkje nok til å stoppe eller flytte denne lina til ein annan trasé, sjølv med stor lokal motstand.

Eit naturområde utan vernestatus er berre eit naturområde heilt til nokon får ein ide om å bruke det til noko anna. Til dømes går det ei kort og direkte line for evt. ny stamveg ned gjennom Romedalen, om nokon skulle vere galne nok til å foreslå det?

Så vidt vi kjenner til er det ingen nasjonalpark eller landskapsvernområde i dag kor tradisjonell bruk, som til dømes beiting, ikkje er tillate. Tvert imot er beiting sterkt ynskja i slikt landskap, og truleg kunne det følgd med pengar til landskapspleie også.

Det som også kunne følgd med er pengar til tilrettelegging og utbetring av slitasjeskadar i område med allereie mykje ferdsel, som til dømes i Molladalen.

Dette er utfordringar som kommunen nå må løyse aleine, eller la vere uløyste tilirritasjon for både grunneigarar og brukarar av området. I Reinheimen Nasjonalpark med omkringliggjande verneområde, og i Geiranger-HerdalenLandskapsvernområde er det mykje beiting med både sau, geit og storfe. Om det er slik at det går dårleg med beitenæringa, så er det i alle fall ikkje fordi vi har teke vare på for mykje av livsgrunnlaget for denne næringa, nemleg utmarksbeite.

DNT Sunnmøre har arrangert turar i dette området sidan starten i 1868. Vi har i dag Kolåstindhytta på Standaleidet, og sti herifrå til Melbøsætra i Barstadvik.

Allemannsretten sikrar at det enkle friluftslivet kan halde fram, men grunnlaget for friluftslivet blir best sikra ved at området får varig vernestatus.

Når noko alt er bygd er det for seint å angre. Heldigvis er det ikkje for seint å vedta at noko ikkje skal byggjast ned. Vi meiner at vedtaket i kommunen byggjer på fordommar og manglande kunnskap om naturvern, og vi håper at toget ikkje er gått for vern av Sunnmørsalpane i Ørsta kommune.

Vi oppmodar kommunestyret til å ta saka opp att til ny vurdering.

Med helsing Den Norske Turistforening Sunnmøre