I møte med helseforetaket tysdag ettermiddag mottok vi bodskapen om at Helse Møre og Romsdal ynskjer å flytte rehabiliteringssengene frå Mork til Ålesund sjukehus. Dette kom som lyn frå klår himmel og er stikk i strid med alle tidlegare signal. Direktør Bakke har tidlegare uttrykt seg i positive ordelag om den solide kompetansen ved Mork og planane har vore å samlokalisere tenestene ved sjukehuset i Volda. Grunngjevinga for det hastige vedtaket er etter vår meining særs tynn. Det var ei topptung forsamling i møtet tysdag og ingen kunne svare konkret på kvifor det no har bråhast med å legge ned sengene på Mork.

Sverre Leivdal. Foto: svein aam

Vi er midt inne i ei uviss tid med prisauke og renteauke, staten har store kostnader til straumstøtte, mottak av krigsflyktningar og støtte til Ukraina. Dette er imidlertid ein situasjon som kan endre seg og difor bør helse Møre og Romsdal ha litt is i magen og oppretthalde sengene ved Mork fram til ein finn ei god løysing for samlokalisering med sjukehuset i Volda. Alle steinar er slett ikkje snudd i denne saka.

Volda Ap er difor skuffa over helseforetaket og vi kjenner oss provosert av denne avgjerda. Samtidig ynskjer vi å peike på at helseforetaket har gjort mykje positivt for sjukehuset i Volda dei siste åra, og vi set sjølvsagt pris på den gode utviklinga ved sjukehuset. Samstundes er vi særs uroa over andre deler av bodskapen leiinga kom med i møtet. Det har samanheng med formuleringar i sak om budsjetthandsaming til styremøtet onsdag 14.des. Der kan vi lese at konkret plan for samarbeid mellom sjukehus på tvers under sommarferieavvikling skal presenterast før årsskiftet 22/23. Omsett til klart språk, så tyder dette at Volda sjukeshus står i fare for å miste akuttberedskap og fødetilbod i heile 6 veker til sommaren. Det er alvorleg.

No vonar vi styret tek våre bekymringar på alvor og heller vel å leite etter løysingar som gjer at vi kan halde på den høgt utvikla kompetansen ved Mork og vi vonar styret finn å halde fram med satsinga på Volda sjukehus, heller enn å redusere det gode tilbodet vi har kjempa for.