Mangeårig engasjement: Vi er mange som har kjempa mot uklok sentralisering og for å oppretthalde nødvendige lokale helsefunksjonar. Dette for å bevare livsviktige akuttfunksjonar ved eit vel fungerande lokalsjukehus, kampen mot nedlegging av rehabiliteringstilbod ved Mork Senter, trussel ved sentralisering av ambulansetilbod og ambulante team i psykiatrien. Underteikna har gått i fleire fakkeltog her, og også for Ålesund sjukehus, eit viktig sjukehus for oss. Etter talrike opprop, møter og resolusjonar, lokalpolitiske vedtak og fakkeltog trudde eg at fornufta var i ferd med å sigre. I alle fall her på Sunnmøre kom det dei siste 3-4 åra med ny adm. direktør i HMR inn mykje meir harmoni i helselandskapet og evne til å spele kvarandre gode. Når økonomien er god bitast ikkje hestane.

Vi vil ikkje tilbake til fakkeltoga: Nesten over natta og utan nokon god samhandlingsprosess med kommunane, blei det gjort vedtak som kan føre oss tilbake dit vi var og ingen av oss ynskjer å vere.

Eit uklokt vedtak: Til tross for sterk støttemarkering og protestar frå lokalbefolkninga, organisasjonar og lag, frå helsepersonell i lokalsamfunna, frå ordførarar og stortingspolitikarar gjorde styret for Helse MR 1.2.2023 mellom andre avgjerder eit uklokt hastevedtak om at Mork senter av økonomiske grunnar blir nedlagt. Rehabiliteringspasientane vil utan tvil raskt bli overførde til eit mykje svakare kommunalt tilbod.

Provoserande skivebom: Meir opprørd og overraska vart eg då adm. direktør og styremedlemmer i Helse MR heilt uventa slo tilbake mot det lokalpolitiske engasjementet og hadde lite forståing for mykje av den kritikken som hadde kome frå politisk hald – ikkje minst frå stortingspolitikarar som prisverdig har engasjert seg! Å sei dette er provoserande skivebom! Skjønar ikkje HF kva kraft og støtte ein kan hente i lokalpolitisk engasjement? Det blei sagt at lokalpolitikarar måtte forstå kor krevjande det var å prioritere! Den store skilnaden mellom HF og kommunane er at lokale og sentrale politikarar arbeider i demokratisk system og prosessar og må stå ansvarlege overfor innbyggjarane og veljarane sine ved ukloke og krevjande avgjerder.

Helseføretaksmodellen er udemokratisk og drivast etter bedriftsprinsipp der lønsemd og økonomisk tenking overstyrer mykje anna og kan føre til ukloke avgjerder utan å bli stilt til ansvar. HF må forstå at også i kommunane og lokalpolitikken er økonomien og prioriteringane enno meire krevjande. Både HF og kommunane er i same båt. Men sjølv i dei harde 30-åra var det aldri på tale å legge ned sjukehusavdelingar. Heller ikkje så lenge den politisk styrde Fylkeskommunen var sjukehuseigar. Det kan ikkje seiast at den norske staten har økonomiske vanskar no! Det er ikkje bra å styre helsetenestene i samsvar med definisjonen på ein økonom = ein som kjenner prisen på alt men ikkje verdien av noko!

Tankar eg gjer meg:

1. HF modellen må gjennomgåast kritisk og justerast med tanke på betre demokratisering av styrings- og avgjerdsprosessar

2. Er der ei reell underfinansiering av HF må det vere i vår felles interesse å krevje at oppdragsgivar = staten justerer opp overføringane både til HF og kommunane. Staten må lempe på at dyre investeringar skal takast over drifta og kvele denne.

3. HF må kritisk gå igjennom sparepotensialet i eigen organisasjon ved å slanke administrasjon og unødig bruk av konsulenttenester. Det pasientnære helsearbeidet og viktige helsetenestetilbod for innbyggjarane må ikkje skvisast slik som no.

4. Sidan styret og adm. direktør i HMR var kritisk til (lokal) politisk engasjement i saka om Mork, må det vere tillate å stille kritisk motspørsmål ved prosess, penge- og ressursbruk knytt til

Helseplattforma. Her er berekna utgifter på 3,7 milliardar kroner for kjøp og innføring av eit felles IT/journalsystem for sjukehusa og primærhelsetenestene i Midt-Norge enno før komplett system er levert. Røynslene med Helseplattforma så langt har avdekka store og kostbare feil og manglar, og kan – i verste fall – ende som eit mageplask. Systemet var ikkje etterspurd i kommunane og vil koste kvar kommune mange millionar. Det er administrativ leiing og konsulentar i Helse Midt som har vore pådrivarar i denne vanskelege, men viktige saka. Det har gått så stor prestisje i å lukkast at: «Koste kva det koste vil» - uansett økonomi i HF og kommunar elles. Eg har heile tida tvila på systemet men vonar det kan bli bra til slutt. Det einaste eg er sikker på er at det ikkje bli «Ein pasient – ein journal» som myndigheitene lova. HF Midt-Norge har valt sitt system som ikkje kan kommunisere med helseteneste i nokon av dei andre helseregionane. Kunne demokratisk medverknad og politisk styring kvalitetssikre dette betre og, i det minste, føre til at staten tok rekninga?