Det enkle svaret er at nynorskdagen er ein nasjonal markeringsdag for nynorsk, og er lagt til datoen då jamstellingsvedtaket vart vedteke i 1885. For dei fleste er ‘jamstellingsvedtaket’ eit ord ein hugsar vagt at ein lærte på skulen ein gong i tida, og som for lengst er gløymt igjen saman med pluskvamperfektum, logaritmar, parlamentarisme og andre merkelege framandord. Men eg kan fortelje deg at dette snart 140 år gamle stortingsvedtaket framleis er relevant for deg og meg. Det har mellom anna hindra at denne teksten og all anna tekst skriven av ørstingar og voldingar må skrivast på dansk etter norsk lov.

Jamstellingsvedtaket, også kalla ‘likestillingsvedtaket’, sikra i si tid likestilling mellom det som i dag heiter nynorsk og bokmål, og slo fast at begge desse skal brukast som likestilte språk i det norske samfunnet.

Kvifor var og er dette framleis viktig? Om me spolar tida enda nokre tiår lenger tilbake enn 140 år, til midten av 1800-talet, var språksituasjonen for folk flest ein heilt annan enn han er i dag. Ungane lærte dansk i skulen, presten og andre offentlege personar las, skreiv og snakka dansk, og å snakke ei norsk dialekt med andre enn dei aller næraste vart sett på som uintelligent, bondsk og uhøfleg.

Artikkelforfattar Stine Stennes Hovdenakk (til venstre) arbeider ved Nynorsk kultursentrum.

Kven andre enn vår eigen sambygding Ivar Aasen var det som på sitt stillferdige, men førebiletlege målretta vis tok til motmæle mot denne haldninga og praksisen? Han meinte at dansk som einaste godtekne språk var heilt riv ruskande feil måte å tenkje språk i det nyleg sjølvstendige Noreg. Aasen visste at folk rundt om i landet framleis snakka med sine eigne norske dialekter, som dei måtte omsetje når dei skulle skrive, lese eller snakke med framande og offentlege folk. Då var det dansken som framleis var einaste gangbare mynt.

Løysinga for Aasen var klar: Det innbyggjarane i dette lange og krunglete landet trong, var eit skriftsspråk som var basert på slik dei sjølve snakka. Folk skulle ikkje skamme seg over språket sitt. Med landsmål, som me i dag kallar nynorsk, skulle det òg bli lettare for folk å lære å lese og skrive, og ikkje minst lettare for dei å ta ordet både munnleg og skriftleg utanfor eiga stove og bygd. Slik ville Aasen lage eit nytt norsk språk på eit demokratisk fundament.

Mykje har skjedd med det norske språket og nynorsken sidan Aasen si tid. Tankane og ideane hans fall i relativt god jord, slik nynorsken gjer i Ørsta i dag. Likevel er setningar som «nynorsken er under press» eller «nynorsken er i ferd med å forsvinne» noko som blir ytra jamt i både aust og vest. Eg har sjølv fått høyre at eg gjer ting «vanskelig og lager unødvendig mye ekstraarbeid for Universitetet» då eg studerte i ein annan og meir sørleg landsdel, fordi eg ikkje ville godta å få eksamensoppgåvene mine på bokmål.

Eg kan vere ærleg og seie at tanken streifa meg om å la det heile gå sin gang og ikkje klage på språket eg fekk eksamenen på, men den tanken forsvann raskt. Bagasjen min heimanfrå vog for tungt til å la dei sleppe unna med dette sleipe forsøket på unnasluntring og lovbrot. Eg svarte difor at eg verken var «vanskelegare eller lagar meir arbeid enn dei studentane som ynskjer oppgåvene sine på bokmål. Dei er trass alt jamstilte språk etter norsk lov».

Kvar har eg denne haldninga frå, og kvifor gav eg ikkje etter så lett som denne tilsette ved eitt av våre sørlegaste universitet hadde håpa på? Det er lett å tenkje at oppveksten min i sjølvaste Ivar Aasen sitt barndomsparadis gjorde sitt, sidan nynorsken har ei sterk og robust stilling i Ørsta og Volda, særleg om ein samanliknar stoda med andre stader i landet vårt. Men haldningar til språk får ein ikkje gjennom å drikke av den same kjelda som ein merkverdig fyr som forska på språk i gamledagar. Heimstaden din gjer det ikkje automatisk lett å stå imot når folk fortel deg at du bør byte til eit anna språk.

Noko som faktisk gjer det lettare, er å sjå språket sitt nytta som ei sjølvfølge i stadig fleire kanalar, på nye flater og i nye rom. Dei fleste har for lengst vent seg til å lese nynorsk teksting på tv- og nettseriar, lese nyhende frå verda der ute i nynorsk språkdrakt, og me tek det for gitt at me skal kunne skrive til kven me vil om det me vil på det av dei norske språka me tenkjer på som mest naturleg å nytte. Me er vane med at staten, kommunen, skulen og naboen (Eller kanskje ikkje naboen, då. Han må få styre seg sjølv, altså. Han kan du ikkje bestemme over språket til. Men du kan prøve å skrive til han på nynorsk, og statistisk sett vil det vere stort sannsyn for at han tenkjer at det er heilt greitt for han) skriv til oss på nynorsk om me som bur i Noreg vil det. Me har til og med rett til å klage på kommunen, staten og andre offentlege organ om dei ikkje vil kommunisere med oss på nynorsk, om me har valt det.

Nynorskdagen er med andre ord ikkje berre nok ein dag som er laga for å minnast noko byråkratiske greier som hende før nokon av oss, foreldra våre eller besteforeldregenerasjonen vår var påtenkte. Me kan dessverre ikkje ta for gitt at til dømes nye former for tekst og teknologi blir levert og kjøpt inn på nynorsk verken i dag eller i framtida, eller på kvensk, romani, romanes, nord-, sør- eller lulesamisk, for den skuld. Nynorskdagen er dermed ein dag der ein blir mint på alternativet: Å ikkje få lov til å skrive eller snakke eit språk som du føler deg heime i, er ein del av identiteten din, og det språket som fell deg mest naturleg å gjere.

Stine Stennes Hovdenakk Konservator ved Nynorsk kultursentrum og styremedlem i Ørsta mållag