Debattinnlegg frå Knut Hustad, engasjert gardbrukar frå Bondalen

Vi veit enno ikkje om det gjeld fleirtalet, men i fylgje Møre-Nytt er det mange av dei som bur inst i Hjørundfjorden som vil ut av Ørsta kommune.  Dei vil verte innbyggarar i den nye Volda kommune, dvs. kommunen der noverande Hornindal og Volda kommunar skal vere med.  Kva som vert det endelege utfallet av saka er uvisst, men  Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal ha eit viktig ord med i laget.

At fleire på Bjørke og i Skjåstaddalen vil ut av Ørsta kommune er ikkje nytt, det har også politikarane i Ørsta kjent til gjennom mange år. Det nye er at vi har fått ein tunnel gjennom fjellet Kviven.  Dette er ein tunnel som gjer at det er langt kortare å reise til Honndalen/Grodås  for dei som har postadresse 6190 Bjørke enn  det er å reise til Volda eller Ørsta sentrum.  Og utan tvil har dei fleire gode argument for å skifte kommune, men til sjuande og sist handlar det nok mest om å høyre til. Dei har kort og godt lite å gjere med Ørsta kommune. Dei nyttar ikkje barnehagane i kommunen,  dei nyttar ikkje  skulane i kommunen og på Bjørke har dei heller ikkje lenger legekontor.  Fleire kjenner seg  kort og godt ikkje som ørstingar.

Kva gjer ordføraren?

Og kva gjer ordføraren i Ørsta og fleire andre politikarar i denne saka?  Dei seier  at dei skal lytte til dei som bur der inne.  I praksis seier dei dermed at folket som bur der skal få bestemme.  Det er mest  ikkje til å tru.  Kanskje har det med å gjere at når Sp både lokalt og nasjonalt konsekvent har sagt at dei er mot alle samanslåingar, så fangar bordet. Om den lokale sjølvråderetten skal trumfe alt, så må også grender og bygdelag sjølv få avgjere kvar dei høyrer til.  Men slik kan vi sjølvsagt ikkje ha det – heller ikkje i Ørsta kommune.

Kommunestyret i Ørsta skulle  allereie ha fatta eit vedtak i denne saka – dei  skulle dei ha kome med eit rungande nei til at inste Hjørundfjorden skal får skilje seg ut frå Ørsta kommune.  På den måten hadde også Fylkesmannen fått eit klart signal.  No seier rett nok ordføraren, igjen i fylgje Møre-Nytt,  at dei framleis ynskjer at innbyggarane der inne skal høyre til Ørsta, men det er ikkje klart nok. Denne saka svevar i skoddeheimen.

Reiser bjørkefolket til Volda vert Hjørundfjorden delt.  Berre dette faktumet burde vere nok til at politikarane i Ørsta skulle seie nei til samanslåing.  Hjørundfjordingane har i alle år samarbeidd godt, fellesskapkjensla har vore god og ein sameint Hjørundfjord har også med historie å gjere.  Så har vi auken i turismen siste åra. Hjørundfjorden har på nytt vorte eit godt merkenamn.  Hjørundfjorden har blitt eit reisemål for mange,  ikkje berre for hjørundfjordingar som har flytta ut.  Ørsta kommune har også fått lage ein masterplan for reiselivet /turistsatsinga.

Pengebingen

Så er det økonomien.  Tyssefossen, fossen som gjer at vi har pengebingen Tussa Kraft AS,  ligg på Bjørke. Fer indre Hjørundfjorden(Storfjorden) til Volda, vil Ørsta kommune, i fylgje Møre-Nytt, kunne tape opp mot 8 mill. kroner i årleg inntekt. I tillegg veit vi no at Ørsta kommune vil tape 4 millionar kroner umiddelbart fordi kommunen sa nei til samanslåing med Volda, jfr. Møre-Nytt og rådmannen.  Nei til samanslåing gjer også at vi ikkje får ”Lottopengar” frå regjeringa/Sanner.   Volda og Hornindal vil få ca. 20 millionar kroner i slike pengar, (pengar som skal dekke utgifter med samanslåing). I tillegg vil dei i åra framover få ytterlegare ca. 20 millionar.  Sjølvsagt er dette ei udemokratisk ordning, men slik er det visst no i politikken. Og berre så det er sagt – regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet gjorde begge brakval i Ørsta.

- Vi skal greie oss godt åleine som eiga kommune, seier ordførar Stein Aam i ulike samanhengar.  Han har sjølvsagt rett.  Vi MÅ  greie oss åleine.  Vi har ikkje noko val. Ingen andre kommunar vil kome å gje oss pengar om det skulle verte for lite.

Milliontap

Knappe 12 millionar kroner i tapte årlege inntekter er mykje pengar, også for Ørsta kommune.  Eg legg merke til at Ørsta kommune går for eit stramt budsjett til neste år.   Men i framtida nyttar det ikkje berre med ostehøvelprinsippet – det må nok kraftige kutt til på utgiftssida om vi ikkje gjer noko.  Kjøtvekta til fordel for sentrum vil nok gjelde og dermed kan t.d. sjukeheimar på Sæbø og på Vartdal vere i faresona.

Er det så ikkje noko Ørsta kommune kan gjere for å kome seg ut av kattepina dei/vi har rota oss opp i?  Avstandar er vanskeleg å gjere noko med. Men Ørsta bør sjølvsagt føre ein politikk som gjer at innbyggarane med adresse 6190 Bjørke vil høyre til i Ørsta kommune.  Men slikt noko tek tid. I første omgang må, som allereie nemnt, Ørsta kommune seie nei til frådeling av indre Hjørundfjorden. Der er ikkje noko anna alternativ.

Folket og politikarane i Ørsta sa nei til kommunesamanslåing med Volda sjølv om vi nærast er vevde inn i kvarandre på dei fleste område. I etterkant av folkerøystinga ser vi at dette nei-et var feil. Det er vel berre ein måte å kome seg ut av dette problemet på. Det er å setje seg ned ved forhandlingsbordet igjen saman med representantar for nye Volda kommune. Ørsta må kome fram til ei løysing som gjer at Hornindal, Volda og Ørsta vert ei kommune. Kamelar må svelgjast, men i fylgje tidlegare statsminister Syse går det bra om ein svel dei medhårs.

Det er sikkert for seint for Ørsta å få nokre millionar av dei nemnde ”Lottopengane”, men ei slik samanslåing vil gjere det lettare økonomisk for innbyggarane i Ørsta, vi slepp å få ein delt Hjørundfjord og  innbyggarane på Bjørke vil framleis vere ein del av fellesskapen - også  til Ørsta.  Ja, og ordførar Stein Aam vil  erfare at vi vil greie oss betre om vi i Ørsta kommune er ein del av ein større fellesskap enn om vi skal halde oss for oss sjølve.

Knut Hustad