Vi viser til høyringssvar frå Volda kommune til Helse- og omsorgskomiteen datert 13.02.2023, og til brev 26.01.2023 til Helse Møre og Romsdal frå kommunane Sande, Vanylven, Hareid, Herøy, Ulstein, Ørsta og Volda.

Begge dokumenta gjer på ein god måte greie for kvifor det ikkje er rett å legge ned Mork Rehabiliteringssenter. Volda Høgre sluttar seg til utsegnene og krava om at styrevedtaket i Helse Møre og Romsdal blir gjort om og at Helse- og omsorgskomiteen bidreg til dette.

Ordførarkandidat Sindre Rotevatn (H). Foto: privat

Volda Høgre har med undring registrert at styret i Helse Møre og Romsdal nylig fremma sak om å legge ned Mork Rehabiliteringssenter. På same måten som vi såg i si tid at dåverande helseminister Bent Høie ga dei rette politiske signala til Helse Møre og Romsdal vedkomande Volda Sjukehus, må Helse- og omsorgskomiteen, Stortinget og sittande helseminister treffe dei tiltaka som trengs for å sikre at Mork Rehabiliteringssenter vert vidareført.

Det tek lang tid å bygge opp ein stabil og god stab som yter tilbod av høg kvalitet over lang tid. Frå politisk hald lokalt, regionalt og nasjonalt må vi få bukt med at styret i Helse Møre og Romsdal i tilbakevendande saker skaper uro og usikkerheit rundt tilboda i regionen. Ved å gjere dette stadig vekk, bidreg helseforetaket i vesentlig grad til å redusere effektivitet, kvalitet og tilbod. Akkurat det motsette av det dei er ute etter.

Som vist til av fleire trengs det rehabilitering av bygningsmassen på Mork. Helsetenester på alle nivå må sjåast i eit langsiktig perspektiv. Alle bygg treng vedlikehald, rehabilitering og fornying. Denne gongen er det Mork som treng eit noko større grep. Dette er ei praktisk sak som lett kan løysast dersom det er vilje og politisk mot til å gjere det. Kommunane har vist betydelig vilje til å vere med på løysingar som er gode for helseforetaket.

Vi viser også til Representantforslag 100 S (2022-2023) frå Bård Hoksrud, Morten Wold, Frank Sve og Sylvi Listhaug. Vi i Volda Høgre stiller oss bak forklaringane i forslaget, bakgrunnen for forslaget, intensjonane med forslaget og grunngivinga som er gitt i Representantforslaget der ein ber om overstyring av styret i helseforetaket sin plan. Både nemnde høyringssvar og Representantforslaget forklarer godt kvifor det er rett å gjere dette.

Vi ber komiteen om å treffe dei tiltaka som må til for at Mork Rehabiliteringssenter vert oppretthalde og gitt nødvendig arbeidsro.

Sindre Rotevatn, ordførarkandidat Volda Høgre