Nokon landsbyidyll er Ørsta diverre ikkje. Amfi kan lokke til seg herøyveringar og voldingar, men ikkje store stimar av tyske og japanske cruiseturistar.

Les også: Vil bygge cruiskai i Ørsta sentrum

Tanken på ei cruisekai er likevel ikkje dum. Det gamle Ørsta sentrum treng vitalisering. Og kva er meir naturleg enn å tenkje maritimt? Ørsta sentrum vaks opp rundt kaiområdet, kjent som kommunekaia, då folk og varer i hovudsak kom sjøvegen.

Då Amfi kom vart sentrum flytta austover. Haldeplassen vart folketom. Kommunekaia stod til forfalls, og vart eit lett byte for orkanen Dagmar.

Fleire har gått saman om planane om ei cruisekai av moderat storleik, slik som Ørsta-bedrifta Marina Solutions, som er ekspertar nettopp på slike kaier. Og prisen ligg på eit fornuftig nivå, samanlikna med dei påkosta cruisekaiane som har kome andre stader.

Vi har utstyret, vi har ei god sjøtomt, og nokre millionar må det vere muleg å få tak i. Då manglar berre cruiseturistane, og her ligg den største utfordringa.

Ørsta sentrum kan nok aldri hevde seg i konkurransen med dei langt meir spektakulære destinasjonane som Ålesund, Geiranger og Hjørundfjorden. Men andre sjøfarande turistar kan vere vel så viktige å få til Ørsta som cruiseturistar, anten dei er utanlandske eller norske. Dei er færre, men dei legg att meir pengar.

Skal det bli liv og røre igjen i området rundt Haldeplassen må kontakten med fjorden dyrkast. Ei skikkeleg kai er uansett ein god ide, og sjølvsagt ein uterestaurant.