Volda Ørsta Sparebank vart med i SpareBank 1 gruppa i 2006, framleis som sjølvstendig sparebank. Same året starta banken ny avdeling i Ulsteinvik.

I 2008 åpna banken avd. Herøy der eg vart avdelingsbanksjef. Midt i finanskrisa. Det vart sagt at anten går det bra eller det går rett åt skogen. Oppstart av nye avdelingar måtte sjå føre seg 4-5 år før inntjening dekte oppstart-/driftskostnadar. Avdelinga i Herøy var oppe å gå 1 år etter oppstart.

Maksgrenser

Bankane er regulert m.a. basert på storleik. Ein bank har maksgrenser for kor mykje ein kan låne ut til same bransje, same kunde osv. Vi var klar over at banken var liten og at den store idealkunden, utifrå vår storleik/risiko, burde ligge under kr 30-40 million i utlån pr kunde. Beløpa er sjølvsagt høgare i dag. Men vi visste vi var med i ei større bankgruppering (Sparebank1 gruppa) som hadde god nasjonal framdrift. Samla hadde Sparebank1 bankane større forvaltningskapital enn Nordea på den tida . DNB var også då størst av alle.

Når vi fekk kontakt med kundar som var for store for vår Sparebank1 Søre Sunnmøre, tok vi kontakt med t.d. SMN og spurde om noko kunne gjerast ilag. SMN opererte allereie i «våre» kommunar (Volda, Ørsta, Herøy, Ulstein) og har plukka kundar i «våre kommuner» i årevis. Etter mi oppfatting treng ein difor ikkje vere redd for at SMN skal etablere eigne avdelingar viss fusjonen vert stoppa.

I staden for å fusjonere kan vi halde fram som sjølvstendig bank på same vis. Eller kontakte ein av dei 12 andre Sparebank1 bankane og få til ei deling av engasjement mellom bankane for nye/eksisterande kundar. For kundane betyr dette mindre. Poenget mitt er at dette framleis kan vere ein måte å halde fram som lokalstyrt sparebank på, utan å fusjonere.

Viktige avgjerdsler

Det som sannsynlegvis vil skje, om 2-3 år er at alle viktige avgjerdsler vert flytta til Ålesund eller verre, til Trondheim. Dess lenger vekk frå Kredittutvalet kunden har base, dess mindre sjanse er det for å få innvilga sine søknadar om lån. Mi erfaring er at det var ekstra krevjande å få Kredittutvalet i Volda til å innvilge lånesøknadar frå Herøy og Ulstein. Kredittutvalet kjende meir til Volda/Ørsta enn kundar i Herøy/Ulstein. Altså lettare å få avslag på lånesøknad for kundar frå Herøy/Ulstein. Det er rimeleg å tru at Trondheim, m.a. grunna lenger avstand/manglande lokalkunnskap, vil forsterke og avgi fleire avslag på lånesøknadar. Sjansen for positiv avgjerd er større lokalt enn om avgjerdsstad vert flytta til Trondheim. Kundar med innskot, store eller små, er alltid velkomne.

Meir gaver

Ein fusjon vil gi meir gaver til lokale formål. Det er fint, men det er ikkje kundane som får gavemidlar. Det er lokalsamfunnet og bra er det. I disse tider med mellom anna stor auke i lånerenter, kan det vere lurt at banken er lokal og kjenner kunden. Banken har gode overskot og kan halde fram som lokalstyrt sjølv om kundane vert større. Ein stor kunde i liten bank vert likevel liten kunde i stor bank. Kva er best? Ein fusjon tilseier etter mi vurdering at kunden like gjerne kan vere kunde i DNB eller Nordea.

Det vert påstått at tilsette er positive til fusjon. Eg tvilar på at tilsette tør å gå imot så lenge dei har jobbkontrakt. Dagens toppleiar er truleg borte om 2-3 år, eller før. Stillingar innan administrasjon/kundestøtte er ekstra utsett, same kva fusjonsutkastet inneheld. Det finnast alltid grunnar for å endre på tidlegare avgjerdsler.

I mi tid som tilsett var eg aktiv med å selge inn eigenkapitalbevis til kundar/andre. 5 år seinare kan disse snart verte historie. Banken går godt og det er for tidleg å gå inn i annan bank. Meg opplyst er den siste forespegla avkastning 1,5 ved fusjon for dei som har eigenkapitalbevis i Sparebank1 Søre

Sunnmøre. Dette er betydeleg lavare enn avkastning mellom 2 og 2,5 som nokre banknære forespegla for få veker sidan.

Dropp fusjonen, eg er trygg på at det vert fleire høve til å slå seg saman med andre bankar. Andre bankar vil nok vere interesserte, også på eit seinare stadium.

Svein Nærø

Tidlegare avd.banksjef for Herøy 2007-2017