Det er berre å nemne Ørsta IL trim sitt barneskirenn tysdagskvelden, reine 17. mai stemninga, med barn, foreldre, besteforeldre og andre på ski.

Nesten vindstille, opphaldsver, perfekte langrennsløyper, god glid i snøen og masse blide ansikt å sjå.

Med registreringskort rundt halsen var full fart på skia, oppmuntrande stemmer og ein kjekke kveld for alle.

Etterpå var det triveleg med litt kveldsmat i kafeen etter god innsats.

Flott at Ørsta IL trimgruppa stiller opp år etter år og arrangerer desse viktige renna.

Guttorm Øye. Foto: Janne-Marit Myklebust

Langrennstrening

Same kvelden på langrennstadion og i heile lysløypa dreiv Hovdebygda IL langrenn på med treningar for  3  av treningsruppene, med om lag 10-12 aktive på kvar gruppe.

Takka vere foreldre med stort engasjement er aktiviteten rekordstor i den finaste vinteren på mange år.

Arbeid med langrennsløypene

Ikkje minst må eg nemne Øyvind Bjørdal i trakkemaskinen som leverer gode løyper år etter år  og aller viktigast er Ørsta skisenter som står bak det heile.

Alt saman til glede for alle  skiløparar på langrennski og alpinski.

Det regna og det bles i Ørsta sentrum onsdagskvelden, men like fullt får vi melding frå skiløparar om perfekte vinterforhold på Bondalseidet.

Sparebank1-cup

Torsdagskvelden var det Hovdebygda IL langrenn sin tur som arrangør av  Sparebank1-cup i langrenn.  Dette er eit  rekrutteringsrenn og treningsrenn for dei som går på langrennstrening og alle andre i alle aldrar. Ingen begrensing her, både med og utan tid.

Igjen var det ruskete ver I Ørsta sentrum, men som oftast fint vinterver på Bondalseidet, nesten vindstille, opplett,  og perfekte forhold for klassisk. Igjen var det Øyvind Bjørdal som hadde preppa gode spor.

HIL langrenn med Dag Jarle Aa i front, stod føre eit flott arrangement.

Denne kvelden også var det mange deltakarar, god stemning og ein kjekke kveld.

Ikkje rart vi må seie igjen, fantastiske Bondalseidet.

Sidan 11. november har det vore fine langrennsforhold. Dette kostar også mykje,  både arbeid og pengar.

Difor er det starta ei støtteforening som heiter Bondalseidet skiturlag. Målet med dette laget er å  støtte Ørsta skisenter med løypearbeidet. Eg takkar på vegne av Bondalseidet skiturlag for alle bidrag på Vipps og til konto, og nemner at det er høve til å gi ei støtte heile vinteren.

Alt går til løypearbeidet.

Guttorm Øye