Først vil underteikna gi uttrykk for stor respekt for Harald Indresøvde som økonom og bankmann gjennom mange år. Indresøvde har rett i at Sparebanken vår har vore ein god bank i skiftande tider, sjølv om det har vore nære på meir enn ein gang.

Det som skuffar og undrar meg, er at Indresøvde med sin bakgrunn insinuerer mistillit til styret i banken. Han viser til at formann og nestformann er frå Ålesund og er styregrossistar. Det ligg litt i korta at dei jobbar for Ålesund sine interesser meir enn å sjå kva som tener banken vår her i Volda.

Underteikna er oppteken av at banken skal vere ein bank for framtida. Som dei fleste veit, er bankdrift i rivande utvikling. Dei teknologiske utfordringane er store, og i usikre tider veks krava til eigenkapital.

Indresøvde går langt når han meiner banken blir rasert etter ein fusjon. Vidare meiner han at det blir problem med kompetansearbeidsplassar. Det undrar meg at han ser så klart kva som møter oss i framtida , og at han underkjenner den kompetansen som ligg bak ønskjet om å bli ein del av eit større bankselskap. Kan det tenkjast at det er nett interessa for å ivareta arbeidsplassar og kompetanse som ligg bak ønskjet om fusjon ?

At banken er veldriven og solid, har nok vore til god hjelp i fusjonsforhandlingane der Volda har fått ein viktig funksjon. For bedrifter med store finansieringsbehov i vårt område, er ein solid nærbank eit stort pluss. Dersom vi som held til her hegnar om den nye banken og ikkje snakkar den ned , vil Volda ha ein sterk posisjon i ein framtidsretta bank.