Tilsette på helsestasjonen har fått fleire tilbakemeldingar frå brukarar som trur at helsestasjonen skal overta heile det gamle legesenteret i 1.etasje i Dalevegen 24. Brukarane uttrykker at dei gler seg til gode,  store og lett tilgjengelege lokale. Dette har vi tilsette sett fram til lenge, men vi erfarer at realitetane er heilt annleis. Administrasjonen og Ørsta helsestasjon er  no på kollisjonskurs og vi opplever at det er lita forståing for helsestasjonen si verksemd og brukarane sine behov.

Det er politisk vedtak om at helsestasjonen og heimebasert omsorg skal plasserast i Dalevegen 24, der helsestasjonen skal disponere lokale i både 1. og 2. etasje. Dette er den minst brukarvenlege løysinga og vil ikkje vere teneleg for helsestasjonsverksemda verken no eller i framtida. Det er eit politisk og administrativt ansvar å stille eigna lokale til drift av helsestasjon og skulehelseteneste i kommunen. Slik det er bestemt får ikkje helsestasjonen tilfredsstillande lokale.  For å kunne drive ei forsvarleg, effektiv og funksjonell helsestasjonsteneste treng vi plassen i heile 1.etasje.  Det at helsestasjonen og heimebasert omsorg skal dele 1.etasje vil medføre store ekstra kostnader i form av ombygging. Faglige omsyn frå helsestasjonsverksemda må prioriterast framfor praktiske omsyn frå heimebasert omsorg.

Tilsette ved helsestasjonen er opptekne av ei helseteneste for framtida slik at vi kan oppfylle statlige retningslinjer. Slik det er i dag og er planlagt vidare er det umulig å oppfylle desse krava, og ved eit statleg tilsyn frå fylkesmannen vil helsestasjonen ikkje bli godkjent. Det betyr at kommunen bryt lova og at innbyggarane ikkje får det tilbodet dei har krav på. Barn og unge er eit satsingsområde og er på nasjonalt hald ei teneste i vekst, og tenestene ved Ørsta helsestasjon kan derfor ikkje gå med ryggen først inn i framtida.

Vi har svært høge besøkstal, i gjennomsnitt mellom 350-400 personar er innom helsestasjonen kvar veke!! Dette krev sin plass! Ein helsestasjon skal utføre svangerskapskontroll, fødselsførebuande kurs, heimebesøk til nyfødde, hyppige sped- og småbarnskonsultasjonar fram til skulealder, deretter skulehelsesteneste med helseundersøkingar, vaksinering, undervisning, kosthaldsvegleiing og flyktninghelseteneste, reisevaksine, smittevern, miljøretta helsevern, plasskrevjande gruppekonsultasjonar, helsestasjon for ungdom, influensavaksinering, individuelle oppfølgingssamtalar, familierettleiing, undervisning, nasjonalt barnevaksinasjonsprogram, samarbeid med Friskliv og anna tverrfagleg samarbeid. I dag er det fleire av desse tenestene vi ikkje kan utføre.

No krev vi at politikarar og administrasjon tek ansvar og følgjer opp slik at Ørsta kommune kan drive ei lovleg og framtidsretta helsestasjonsteneste til det beste for innbyggjarane.