I Møre-Nytt kan vi lese at rådmannen ynskjer Ørsta ut av rettvis-handel avtale. Denne avtalen inngjekk Ørsta i 2008, med samrøystes vedtak i både formannskap og kommunestyre. I møtedokumenta frå 2008 kan vi mellom anna lese i tilrådinga frå dåverande rådmann at: ” Ørsta Kommunestyre vedtek å gjere sitt for at Ørsta kommune skal verte ei rettvis kommune”. Etter 9 år tykkjer kanskje rådmannen at Ørsta er utlærd i kunsten å te seg rettvist? Nei, her må ligge noko anna bak, for alle oss andre må no i alle fall gjennom minst 10 års skolering før vi slepp fri. Saken er den at dagens rådmann er redd for at rettvis-handel avtalen skal velte både ”legesenter, fleirbrukshall og tømmerkai m.m”, du store all verda. Denne avtalen må sanneleg innebere kostnadar av ein størrelsesorden som ein vedhoggar på Hjørundfjordstranda ikkje eingong kan førestille seg.

Kva slags trojanske hest var det dei samrøystes folkevalde slapp fri i kommunen vår i 2008? Tja, i hovudsak gjeng det ut på at kommunen nyttar rettvis kaffe under møta sine. Vel veit vi at politiske møte har ein tendens til å trekke ut i langdrag, men at våre kjære folkevalde skal helle i seg så mykje av denne utmerkte drykken at dei set legesenteret og fleirbrukshallen på spel var urovekkande. Lykkelegvis for kommuneøkonomien og nyrene til politikarane våre merkar vi oss at det vert teke til orde for at møta vert kortare, kan vi augne eit håp?

Kva er no eigentleg føremålet med rettvis handel? Jau, kort sagt inneber det at kommunen innanfor ein særs snever varekategori (kaffe, og snart ei varegruppe til) pliktar å kjøpe etisk inn via ein stiftelse som ikkje tek profitt. Denne stiftinga arbeider for å betre kåra til fattige bønder og arbeidarar; ikkje ulikt ein viss Anders Hovden altså. Rådmannen på si side meiner ”at det er bra med idealisme og iver for å hjelpe andre delar av verda, men dette ligg i hovudsak utanfor kommunane sine formål”. Om alle andre kan yte sin skjerv, kan sikkert eg la vere denne gongen? Det er tanken som tel?

La oss håpe våre helsesame folkevalde kan knappe ned på møtetida sopass at Ørsta kommune både kan vere rettvis og få nytt legesenter.

Rolf SkarbøSmåskremd kaffenyter