Populisten Listhaug spelar på framandfrykt, og framstiller innvandrarar som ein trussel mot velferdsstaten. Dette er eit hån mot menneske på flukt, når den reelle trusselen mot velferdsstaten er minister Listhaug og regjeringa sin eigen politikk. Dei fører ein politikk som preimerer dei aller rikaste med stadig større skatteletter, medan uføre forsørgarar, kronisk sjuke og funksjonshemma opplever smålege kutt i velferda, og lite og inkje vert gjort for dei arbeidsledige her vest.

Det same gjeld hennar framstilling av at innvandring trugar norske verdiar. Den reelle trusselen mot norske verdiar er slett ikkje flyktningar som i ein desperat situasjon søkjer asyl (noko dei har krav på etter folkerettslege prinsipp), men Listhaug sin eigen politikk og retorikk, ribba for dei verdiane vi held høgast: respekt, menneskeverd, solidaritet, dialog, fellesskap.

Listhaug framstiller eigen politikk som streng, men rettvis. Det faktiske biletet er eit anna. Vi høyrer dagleg om barn fødde og oppvaksne her, som vert henta om natta og kasta ut i ei uviss framtid. No nyleg vesle Masoud på 7 år, budd i Noreg mest heile livet, sendt til krigsherja Kabul i Afghanistan. Kvar er desse barna sitt vern mot vald? Kven sikrar deira grunnleggjande menneskerettar? Dette er ikkje rettvist, det er grådig urettvist.

Tidlegare i haust høyrde vi om gravide Monica frå Equador, gift med norske Thomas, som av UNE fekk beskjed om å forlate landet fem dagar før termin. Etter mykje medieblest fekk ho opphald til seks veker etter fødselen, men med krav om å betale for fødselen og forlate landet. Saka er enno ikkje avklara.

Og no seinast, tannlegen Bashar på 29 frå Syria, som tok ordet på møtet i Ørsta og spurde Listhaug om kvifor flyktningane som kom over Storskog har blitt haldne på vent i eit uoversiktleg system, i staden for å få ei avklaring og kome i gang med språkopplæring og arbeid. Han har nemleg noko å bidra med, noko som går tapt med Listhaug sin politikk. I videoen som er delt frå møtet, ser vi at ho vert han svar skuldig. I etterkant høyrer vi at regjeringa, etter 13 mnd, motvillig har måtte innsjå at Noreg pliktar å handsame desse asylsøknadane. Det er 13 tapte månader for integreringa.

Desse menneskeskjebnene er minister Listhaug sitt ansvar, og hennar handtering av desse sakene er slett ikkje noko å applaudere. Denne politikken har inhumane konsekvensar. Og så snakkar Listhaug om at vi må integrere betre dei som allereie er her, i staden for å ta imot fleire. Ho seier ho fryktar svenske tilstandar, at integreringa går i stå. Ser ho ikkje ironien i dette? Det er faktisk hennar jobb som integreringsminister å hindre såkalla svenske tilstandar. Det er hennar ansvar å sikre ei god integrering. Ho kunne jo starte med å late dei barna som allereie er her, få bli? Speede opp sakshandsaminga og hindre fleire tapte år for slike som syriske Bashar? Rydde opp i det rigide regelverket for familiegjenforening som Monica møtte? Det einaste vi kan sjå er kutt i norskopplæringa og nedlegging av velfungerande asylmottak som det i Volda. Nei, vi ser ingen grunn til applaus.

Ørsta SV v/ Marit Aklestad og Magnar Hjertenæs