Volda-ordførar Jørgen Amdam uttrykker frustrasjon i eit nytt lesarinnlegg om kommunereforma. Volda, Stryn og Hornindal er no i gang med forhandlingane om samanslåing, og hadde sitt første forhandlingsmøte onsdag.

Ørsta er ikkje med på forhandlingane, sjølv om kommunen har signert ein intensjonsavtale om samanslåing med Volda. Formannskapet i Ørsta vedtok denne veka at dei vil forhandle med Hornindal og Stryn, men ikkje før etter folkerøystinga 19. mai. Dette har ikkje vorte teke godt imot i Indre Nordfjord.

«Alle tre forhandlingsdelegasjonane beklagar at Ørsta kommune ikkje ville vere med på forhandlingane, men først ville vere med etter folkeavstemminga 19. mai. Frå Stryn og Hornindal er det presisert at dette er alt for seint, det må framforhandlast reelle avtalar i god tid før folkeavstemming/innbyggargrasking kring 19. mai. Dette har vore klart presisert for Ørsta ved ordførar Stein Aam, seinast på sonderingsmøtet på Grodås 7. mars der Ørsta blei invitert til å bli med på forhandlingsmøtet den 16. mars. At Ørsta først vil forhandle etter 19. mai blir av Stryn og Hornindal oppfatta som eit avslag på reelle forhandlingar,» skriv Amdam i innlegget.

Amdam presiserer at samanslåing med Ørsta framleis er primærønsket hans, men at det er vanskeleg å vite kva Ørsta meiner:

«Samtidig ser eg store fordelar med ei kommune som femnar om alle dei fire kommunane med dei gode kommunikasjonane vi alt har fått og vil få frametter med vidare utbygging av E39. Spesielt er dette viktig for å kunne bryte byråkratiske grenser. Om det blir ei storkommune i Ålesund vil dette endre den politiske makta på Sunnmøre og i Nordfjord. Samstundes er det vanskeleg å vite kva Ørsta eigentleg meiner når forhandlingane blir leia av ordførar Stein Aam som er programforplikta mot kommunesamanslåing og eit formannskap som vil delta i prosessar men ikkje vil forhandle»

Les heile innlegget under:

VOLDA SINE FORHANDLINGAR MED HORNINDAL OG STRYN

Volda hadde i går 16 mars første forhandlingsmøte med Hornindal og Stryn på Grodås og skal møtast igjen i Volda 1 april. Forhandlingsklimaet var svært godt, vi kom raskt fram til at vi hadde mykje sams interesser knytt til vidareutvikling av privat og offentleg næringsliv der Stryn er spesielt stekt på privat verksemd, Stryn og Hornindal på landbruk og Volda på offentleg verksemd. Dette er styrkar som heile regionen vil tene på å samarbeide om å gjere endå betre. Spesielt blei det framheva dei sams interessene i å styrke tenestetilbodet ved sjukehuset i Volda og i fellesskap vere med på å vidareutvikle utdanningstilboda ved høgskulen og i dei vidaregåande skulane.

På forhandlingsmøtet 1 april skal det leggast vekt på utvikling og fordeling av kommunale tenester . Det er brei semje om å satse sterkt på bygdene og å oppretthalde det desentraliserte tenestetilbodet. Forhandlingane vil i fortsetjinga vere opne og med spesiell invitasjon til tillitsvalde i dei tre kommunane og til ungdomsråda.

Alle tre forhandlingsdelegasjonane beklagar at Ørsta kommune ikkje ville vere med på forhandlingane, men først ville vere med etter folkeavstemminga 19 mai. Frå Stryn og Hornindal er det presisert at dette er alt for seint, det må framforhandlast reelle avtalar i god tid før folkeavstemming/innbyggargrasking kring 19 mai. Dette har vore klart presisert for Ørsta ved ordførar Stein Aam, seinast på sonderingsmøtet på Grodås 7 mars der Ørsta blei invitert til å bli med på forhandlingsmøtet den 16 mars. At Ørsta først vil forhandle etter 19 mai blir av Stryn og Hornindal oppfatta som eit avslag til reelle forhandlingar.

I intensjonsavtalen mellom Ørsta og Volda er det presisert at vi samla vil forhandle med Hornindal og Stryn etter 19. mai. Ut frå synspunkta som spesielt er presisert av ordførar Svein Flo i Stryn er dette ikkje aktuelt. Forhandlingsdelegasjonen til Volda har i forhandlingane med Ørsta presisert at vi ønskjer å føre forhandlingar med Hornindal og Stryn og helst i lag med Ørsta. Dette var også bakgrunnen for at dei to ordførarane var invitert med på det sams kommunestyreseminaret i Loen. Vi har presisert at om ikkje Ørsta ville vere med på slike forhandlingar, så ville Volda føre slike forhandlingar utan Ørsta.

Eg vil presisere at samanslåing med Ørsta er mitt primærønske. Samtidig ser eg store fordelar med ei kommune som femnar om alle dei fire kommunane med dei gode kommunikasjonane vi alt har fått og vil få frametter med vidare utbygging av E39. Spesielt er dette viktig for å kunne bryte byråkratiske grenser. Om det blir ei storkommune i Ålesund vil dette endre den politiske makta på Sunnmøre og i Nordfjord. Samstundes er det vanskeleg å vite kva Ørsta eigentleg meiner når forhandlingane blir leia av ordførar Stein Aam som er programforplikta mot kommunesamanslåing og eit formannskap som vil delta i prosessar men ikkje vil forhandle.

Ordførar Jørgen Amdam 17 mars 2016Volda kommune