LO har mellom anna desse tre krava til lønsoppgjeret i år: 1) Dei skammeleg høge leiarlønene - som til overmål aukar fortare enn andre - skal bremsast. 2) Lågtløna skal hevast meir enn gjennomsnittet, altså meir enn andre grupper. 3) Men også i gjennomsnitt skal realløna - altså kjøpekrafta - opp.

Direktørane jamrar sjølvsagt over sånt prat, for dei manglar antenner og skamkjensle.

Dei har dessutan høyrt om nokon som tener enda betre. Og dei middels godt lønte blir alltid tydeleg nervøse når dei nedanfor knappar inn på forspranget. Likevel er det lett å finne gode grunnar for dei to første krava.

Men det tredje? Generell reallønsauke. Altså ikkje berre ein lønsauke som tar igjen dei auka prisane og levekostnadene. Det er jo ikkje så urimeleg. Men ein lønsauke meir enn det, ein som gjer at vi kan kjøpe meir neste år enn i år?

Kvifor skal vi det?

Unge-Høgre-leiaren såg det for eit par år sidan som hovudprioritet å sikre at hans generasjon ikkje ville få det trongare enn den førre.

Er det så klarsynt?

Og Vedum vil legge fram ei perspektivmelding der eitt mål er å sikre at vi også framover får det litt betre kvart år.

Bør vi no få det? Kva var grunngivinga, sa du?

Er vi ikkje samde om at vi allereie sit på ei av dei aller grønaste greinene på verdstreet? Har vi ikkje stort sett innsett at vår store velstand kan ha noko med andres fattigdom å gjere? Ser vi ikkje at den store skilnaden både er uanstendig, og farleg for harmoni og balanse i verda? Er vi ikkje samde om at vi forbruker mykje meir enn vår del av ressursane i verda? Er vi ikkje samde om at kvar av oss nordmenn slepper ut mykje meir enn kvoten vår? Var vi ikkje no omsider blitt samde om at det største globale fellesprosjektet er å berge klima og naturmiljø? Har vi ikke forstått at det heng saman med forbruket vårt? Og at forbruket avheng av velstandnivået, eller meir presist: av kjøpekrafta, altså realløna.

Innser vi dette berre på måndag? Er vi samde om dette berre på tysdag? Men ikkje på onsdag, når det er lønsforhandlingar? For da skal realløna aukast enda ein tørn!

Direktørane har det altfor bra. Ned med deira kjøpekraft! Nokre andre har det ikkje bra nok. Opp med deira! Men i gjennomsnitt - for storparten av oss - er det meiningslaust og umoralsk å heve velstanden. Kloden har ikkje godt av det. Verda har ikkje godt av det. Og vi har ikkje godt av det!