Ørsta ride- og køyreklubb har sidan starten i 1981 arbeida saman med Ørsta og Volda fjordhestlag og i dei seinare åra også Islandshestforeninga Vestri for å realisere målet om å etablere eit hestesportsanlegg sentralt lokalisert i Ørsta kommune. Det har vore eit lang og strevsam prosess i mange tiår. No kan denne saka kan få si endelege avslutting ved ei lokalisering til Idrettsparken på Mosflata – dersom politikarane vil.

Eit hestesportsanlegg vil gje muligheiter og tilbod til noverande og nye brukarar langt utover det vi kan tilby på dagens beskjedne anlegg på Ripateigane. Dersom dette arealet var tilstrekkjeleg for dei behova som er blant hesteinteressene i kommunen, ville denne saka vore løyst for lengst. Mange trur framleis at det hesteinteressene stort sett held på med og ønskjer å drive med er å ri tur langs vegen og i skog og mark, difor bør senteret lokaliserast langt frå sentrum og aller helst ute på bygdene der det er nok av skogsvegar og terreng å nytte seg av. Då har ein ikkje fått med seg kva denne saka eigentleg handlar om.

Idrettsglede med hesten i sentrum

Vi ønskjer å etablere eit hestesportsanlegg som skal leggje til rette for idrettsglede og sportsleg utvikling med hest og menneske i sentrum - og for meiningsfylt aktivitet og mestring for barn, unge og vaksne. Eit moderne hestesportsanlegg er nødvendig for at våre brukarar skal kunne utvikle seg vidare i idretten sin innanfor greinene i hestesporten – dressurriding, sprangriding, køyring, handikapriding og islandshest. Dette føreset at ein har fasilitetar der ein kan drive trening med og utan instruksjon i samspel med andre utøvarar og med trenarar. Dette føreset også at ein har fasilitetar der ein kan konkurrere med andre innan sin idrett. Dette foregår ikkje ute på tur i skog og mark. Dagens anlegg på Ripateigane er utgått på dato for lengst og set store begrensingar for oss. Eit moderne og framtidsretta anlegg er nødvendig for å kunne rekruttere nye medlemmer og brukarar til idretten vår og gje eit fullverdig tilbod. Vi ønskjer oss rett og slett eit hestesportsanlegg som er framtidsretta og som kan tilby det som lenge har vore eit stort behov for i kommunen. Tida er overmoden.

Vi ønskjer å vidareutvikle dagens treningstilbod og kursverksemd, der vi har faste treningar fleire dagar per veke og i tillegg ein del kurshelger i året. Treningstilbod og kursverksemd innanfor dagens rammer gir kun tilbod til dei som disponerer hest sjølv. Eit hestesportssenter med eigen rideskule vil disponere eigne skulehestar og mange fleire vil kunne drive med vår idrett. Det er eit stort udekt behov, kvar gong vi har kurs med utlån av hest er kursa fullteikna på kort tid og det er mange som ikkje får tilbod. Dette er svært lite tilfredsstillande og det gjer for eksempel at vi ikkje kan ta imot dei som gjerne vil melde seg inn i rideklubben, rett og slett fordi vi ikkje kan gje dei noko tilbod. Eit moderne anlegg vil kunne tilby ridekurs, rideleirar, arrangere konkurransar og utstillingar på eit heilt anna nivå og omfang enn i dag. Medlemmer og brukarar vil i tillegg kunne få ein sosial arena å møtast på. Senteret vil gi arbeidsplass til eigen ridelærar, som vil få det pedagogiske ansvaret for senteret sine aktivitetar i tillegg til ansvar for dagleg drift.

Positive synergiar for kommune og lokalt næringsliv

Senteret vil gi positive synergieffektar for lokalt næringsliv, foreksempel i høve til leverandørar av tenester og utstyr. Senteretvil for eksempel ha behov for grovfor (høy), kraftfor, utstyr,hovslagertenester, veterinærtenester osv. til rideskulen og tilprivate hesteeigarar som har hest oppstalla. Arrangement vil gjeinntekter for lokalt næringsliv. Ein viser til dei positiveerfaringane frå Fjordhest NM i 2010, der over 100 ekvipasjer deltoki arrangementet som gjekk over fire dagar. For kvar tilreisandedeltakar rekna ein med minst to familiemedlemmer og hjelparar, somalle skulle ha overnatting, mat, tenester osv. Vi har vist kva vier gode for og kan få til, dette var eit svært vellukka NM, bådesportsleg og økonomisk. Lokalisering i nær tilknytting til sentrumvar ein nøkkelfaktor for at dette vart så vellukka. Vi leigdefasilitetar på ØILs klubbhus og ungdomsskulen. Vi nytta oss avomkringliggjande tilbod og elles var det kort veg til alt som bådevi, deltakarar og besøkande hadde behov for. Ved ei lokalisering iIdrettsparken kan slike positive synergieffektar kunne utnyttast påein samfunnsøkonomisk god måte.

Meiningsfylt aktivitet

Som leiar i rideklubben har eg gjennom åra fått mange henvendelsar frå både private og det offentlege om vi kan tilby strukturerte opplegg for menneske i sårbare livssituasjonar. Til dømes frå kriminalomsorga som treng praksisplass for ein ungdom som treng ein ny sjanse gjennom arbeidstrening i trygge og positive omgjevnader. Til dømes frå funksjonshindra som treng tilbod om terapiriding og som må vente på at her vert ledig kapasitet hjå dei få tilbydarane som er. Til dømes frå barnevernet som har ein ungdom med hesteinteresse og som etterspør eit tilbod frå oss. Vi får også henvendelsar frå skulen. Til dømes frå Møre Folkehøgskule som ønskjer samarbeid om studietilbod til sine elevar. Dette må vi dessverre avslå då vi verken har fasilitetar eller muligheit til slike tilbod innanfor dagens rammer.

Vi ønskjer at eit framtidig hestesportsanlegg skal ha fleire bein å stå på og vi ønskjer å bidra til lokalsamfunnet på ein positiv måte. Slike tilbod som nemnt ovanfor i tillegg til den vanlege drifta av stall, rideskule og idrettsaktivitetar er forøvrig heilt vanlege i dag. Ein kan sjå føre seg eit samarbeid med NAV, der menneske med ulike utfordringar kan få tilbod om arbeidstrening på senteret. Ein kan sjå føre seg eit mogleg samarbeid med barnevernet om aktivitetstilbod til utsette born og unge. Å knyte til seg miljøterapeut med vidareutdanning i hesteassistert terapi og intervensjonar er også aktuelt. Slik terapi vert til dømes tilbode mange stader, også i helsevesenet (Bl.a. ved Modum bad og Norlandssykehuset). Vi har ein medlem med slik utdanning i Ørsta, barnevernspedagog Maria N. Rørstad og hennar erfaringar vitnar om kva positive effektar samvær med hest kan ha t.d. i høve til vanskelegstilt ungdom. Forsking syner at det å være i stallmiljøet, ri og stelle hest reduserer nivået av stresshormonar hos barn i vesentleg grad. Det er rett og slett sunt og bra for fysisk og psykisk helse å drive med hest!

Eit miljøvenleg hestesportsanlegg

Vi ønskjer å sjå på muligheitene for å nytte oss av moderne og miljøvenlege løysingar. Fleire nye anlegg tek no i bruk miljøvenleg teknologi for å redusere driftskostnader og minske utslepp. Det finst f eks tekniske løysingar  på markedet som gjer det mogleg å gjenvinne strøflis og hestemøkk til biopellets som kan brukast til produksjon av energi i forbrenningsanlegg. Møkk og flis frå ein hest per år produserer nok energi til å dekkje energibehovet for eitt husvære i eitt heilt år. Her er finst også komposteringsløysingar - møkk kan bli til jordforbedringsprodukt med høg kvalitet og selgast til hagebruk!. Ein vert kvitt møkka og flisa og slike anlegg medfører ikkje lukt eller plage for omgjevnadene. Dette vil bli spennande å sjå nærare på. I så måte kan ei lokalisering like ved Eldhuset vise seg vere heilt ideell.

Ørsta ride- og køyreklubb meiner at det einaste rette er å lokalisere eit framtidig hestesportsanlegg i nær tilknytting til sentrum og at lokaliseringa bør vere i Idrettsparken. Vi håper fleirtalet i kommunestyret deler dette synet.

Margrete H. ØyehaugLeiar i Ørsta ride- og køyreklubb