- Vil vi ha busetnad på bygdene i Ørsta?
Når den nye kommunalsjefen for Helse og omsorg, Renate Rossi-Kaldhol går ut i Møre Nytt, nesten før ho har hengt av hatten på kontoret, med at ho tenker at ein må legge ned sjukeheimsplassar på Nordre Vartdal og Sæbø, og erstatte dette med plassar i sentrum, er dette ikkje berre uklokt, men ganske oppsiktsvekkande.