Saka dreier seg om å avslutte nesten 170 år med lokalbank i Volda og Ørsta, siste 20 åra også i Herøy og Ulstein. Ved ein fusjon vil banken bli omgjort til avdelingar/filialar og bli styrt frå Trondheim. Dette er harde fakta. Absolutt all erfaring frå bankfusjonar viser at dette i tillegg til tap av lokale avgjerder også betyr tap av arbeidsplassar og kompetanse. Ein sparebank er sjølveigande, ingen eigarar i vanlig tyding, men fleire interessegrupper. Desse er først og fremst kundane; så har vi tilsette, eigarane av eigenkapitalbevisa og lokalsamfunna/kommunane. Desse 4 gruppene vel representanter til generalforsamlinga (GF). Det viktige for dei 20 medlemane i GF må vere først å stille spørsmål om dagens bank har klart å levere resultat til desse gruppene. Etter mi meining er svaret klart ja på dette. Bankens styre meiner det same, det er berre å lese styrets årsmeldingar for siste åra. Deretter må ein vurdere kva som er best for å halde fram å levere godt. Er det at banken framleis skal styrast av lokale kvinner og menn i alle ledd eller er det å legge seg under ein nokså fjern storbank?

Det er liten grunn til å tvile på kva det store flertallet av kundane ønskjer. Eg viser her til avisa Møre sin gallup, der over 1000 deltok og over 90% sa nei til fusjon. Dette bør vere eit viktig signal for leiinga i ein folkeleg lokalbank.

Medlemane I GF skal ta den viktigste avgjerda i bankens 170 årige historie og må naturlegvis vurdere grundig risikoen ved både ja og nei. Den store risikoen ved ja til fusjon ligg i utviklinga i SMN ettersom vi har gitt frå oss kontrollen frå Sunnmøre til Trondheim. SMN er ein veldreven bank idag, men kva veit i om framtida til ein stor og ambisiøs sparebank? Den største norske sparebanken, SR-bank i Stavanger, fekk for få år sidan løyve til å omdanne seg til aksjeselskap og har fått ASA bak namnet. Eit AS vil naturleg nok kunne vere mykje meir utsett for strukturendringar.

Grunngjevinga frå SR-bank var å få lettare tilgang på eigenkapital enn eigenkapitalbevisa gir. Dette kan skje i SMN også, sjølv om leiinga idag seier det er uaktuelt. Kriser i finansbransjen kjem med jamne mellomrom, regelverk kan bli endra og nye strukturar vil dukke opp.

Mitt poeng er altså at vi gir frå oss kontrollen på framtida ved å fusjonere. Eg kunne ha nemnt mange døme på triste fusjonshistorier, t.d. Sem Sparebank. Dette var ein sparebank i Tønsberg som ca 1980 i beste meining gjekk inn i Sparebanken Vestfold. Den banken fekk så problem og fusjonerte med Norges største sparebank, Sparebanken Nor. Så gjekk det nokre år og Sparebanken NOR fusjonerte, meir eller mindre frivillig, med DnB. Enden på historia er at ærverdige Sem Sparebank idag er ein DnB- filial. Eg seier ikkje at dette kjem til å skje med vår bank. Eg seier at framtidsrisikoen aukar sterkt når vi ikkje lenger har lokal kontroll.

Eit viktig argument for fusjonen har vore at intensjonsavtalen seier at Sparebanken MidtNorge (SMN) på Sunnmøre skal styrast frå Volda, altså at SMNs betydelige verksemd i Ålesund skal leggast under Voldakontoret. Eg har gode kjelder som seier at dette er heilt urealistisk, både fordi volumet i SMN Ålesund er stort og fordi det vil stride mot måten SMN elles er organisert på. Kanskje prøver ein seg på det klassiske fusjonsgrepet; lovar noko og endrer det i løpet av eitt år eller to? SMN har gjort dette før i fylket vårt, eg tenker på SMNs overtaking av Romsdal Fellesbank for nokre år sidan. Eg tenkjer også på den erfarne bankpersonen som kontakta meg og delte sine erfaringar om alle fusjonane og brotne lovnader dei hadde opplevd på vegen frå Sunnmørsbanken, som stod svært sterkt i våre kommunar, til dagens Nordea med hovedkontor i Helsingfors, og som ikkje ein gong har kontor i Volda og Ørsta.

Banken har køyrt mange "informasjonsmøte" mot dei ulike aktørane. Eit sentralt punkt har tydelegvis vore at fundinga, dvs det banken må låne i pengemarknaden, blir billigare. Eg har fått mange spørsmål om dette ettersom dette er komplisert. Det er rett at dei aller største bankane i Norge er såkalla IRB-bankar og kan funde seg litt rimelegare. Eg har snakka med fleire finansfolk som kan dette godt. Gevinsten for dei store bankane er ikkje veldig stor og vil truleg også minke framover med nytt regelverk som reduserer skilnaden mellom IRB-bankar og bankar som bruker såkalla standardmetode. Som ein banksjef i ein mellomstor sparebank sa til meg: "du kan uansett ikkje gi frå deg bankens identitet og den konkurransekraft lokalbanken har for ein tidel eller to billegare funding." Det er jo også merkelig at fundingkostnadene skal vere eit stort problem når styret I banken vår i sine årsmeldingar år for år  melder om sterk vekst, over snittet i marknaden.

Eg må igjen minne om at banken er i god stand og er saman med 12 andre sparebanker eigar av Sparebank 1-alliansen, noko som trygger framtida. Det er såleis heilt unødvendig å fusjonere nå. Bankens adm. dir. Brautaset uttala også til avisene at han lever godt med eit nei til fusjonen. Det er bra. Det viktige er uansett ikkje kva direktøren ønskjer, han vil jo snart gå av pga alder, men kva som er best for banken i det lange løp. Banken vil utan tvil klare seg sjølv i overskueleg framtid. Viss utviklinga om nokre år likevel skulle syne at det trengst større einingar, vil det vere mange interessentar. Eg tenkjer ikkje minst på Sparebanken Vest i Bergen, som også står sterkt i Sogn og Fjordane, og vil reint regionalt  vere ein meir naturleg fusjonspartner enn SMN i Trondheim. Det er uansett lurt ved alle større sal å "sjekke marknaden" for å få best mulig avtale/pris.

Eg har stor respekt for Sparebanken Møre,  men ønskjer likevel ikkje at Møre skal få den gavepakken som eit ja til fusjon vil vere. Då er det veldig lave odds på at vi tydelig får høyre kva for ein bank som er lokalbanken!

Då takkar eg for meg i avisspaltene i denne saka. Eg har fått mykje takk for å reise denne heilt nødvendige debatten. Så får eg heller leve med at bankleiinga tydeligvis ikkje er samde i det. Eg ønskjer dei 20 medlemane i Generalforsamlinga lukke til i denne enormt viktige saka.