Ikkje at eg trur du bryr deg særleg om mine meiningar, men eg greier ikkje å la vere å gje uttrykk for mi undring over at det ikkje er godt nok å vere ein solid lokalbank? Så lenge vi småfolket gjer rett for oss, og tiltrur deg pengane våre, så burde det vel vere framtid i å leve av oss som kundar?

Er det ikkje råd å vere lukkeleg som liten i nokon del av samfunnet i vår tidsalder, eller framtida? Då eg var gammal nok til å gå i banken og ordne eigne ærend der, var eg kunde i ein bank der pengane hadde stått sidan dåpsgåvene vart sett på konto. I denne banken følte eg at eg var til bry som liten personkunde. Eg trivdes ikkje som kunde der, så eg gjekk til deg, kjære banken min. Resten av familien har også kome til deg fram gjennom åra, og vi har vore godt nøgde med deg.

Men eg var ikkje særleg entusiastisk då du reiste ut i øyane, for å leike med storkapitalistane der ute. Det var vel der ute du fekk blod på tann – ekspansjon må til, for å vere med i alle delar av finansmarknaden i området. Å vere trygg bank berre for oss småspararane, det er vel ikkje tøft eller utfordrande nok.

Smak litt på namnet til storebroren, SMN, Sparebanken Midt-Norge. I andre samanhengar har eg flagga mi meining om Midt-Norge eller Midt-Noreg; det eksisterer ikkje noko slikt som ein midt-norging. Her på Søre er vi vestlendingar, og dei aller fleste av oss ser sørover når ein skal tenkje region eller landsdel. Eg ser at storebror sukrar pillen med å ønskje ekspansjon sørover, men eg ville heller sett deg i intensjonsavtale med ein bank som kjem frå vår eigen landsdel.

Kanskje vert du for stor til å ha fokus på meg, andre småspararar, og kulturlivet her på Søre? Då vil eg berre seie frå med ein gong at vegen er kort til andre bankar som har røtene sine i det vestlandske! Ja, kanskje kan ein lokal bank aust om fjella vere aktuell også? Ein treng no ikkje ha banken sin i gangavstand no til dags.

Men du får no ha lukke til på ferda, kjære banken (min?), så får vi sjå kor lenge eg heng med.