Høgre har starta sin nominasjonsprosess for kommunevalet i 2023. Mange av våre kandidatar har signalisert at dei vert med vidare. Det er positivt, men vi ønskjer også å fornye og styrke vallista vår.

Vi vil difor oppmode alle som har eit engasjement for utviklinga av Ørsta-samfunnet om å kome på bana. Kom gjerne til oss dersom de delar våre verdiar, men om ikkje så er der andre parti som vil ta i mot dykk med opne armar.

Gi oss signal om at de vil vere med, for det er ikkje sikkert at vi vil oppdage dykk dersom de ikkje alt er medlemar. Det er heller ingen som forventar at ein som ny er drilla i partiprogram eller ideologi, eller at ein er samd i absolutt alt eit part står for.

Lokalpolitikk er dugnadsarbeid. Eit dugnadsarbeid der det er viktig at flest mogleg dyktige og engasjerte ørstingar tek del i. Å få lov å vere kommunestyrerepresentantar i Ørsta er både ei ære og eit privilegium. Ei ekstra oppmoding til ungdom, eldre og kvinner; for å få betre innflytelse så må ein delta.

Ørsta har mange dyktige politikarar og debattane i kommunestyra har jamt over vore gode. Sjølv om vi er ulike personar frå ulike parti, så er alle der fordi dei ønskjer å gjere Ørsta til ein betre stad å bu. Politikk tar tid, men det nyttar. Sjå berre på resultatet av den innsatsen som mange kommunestyrerepresentantar frå Hjørundfjorden har oppnådd med ny skule i denne perioden. Det viser at ein må engasjere seg om ein skal oppnå resultat.

Per-Are Sørheim