Prisen er i realiteten knappe femti millionar. For det er storleiken på gjelda som den nye eigaren tar over, etter det Møre-Nytt kjenner til.

Denne gjelda har hotellet hos seljaren, Sparebank1 Søre Sunnmøre.

Som stor låneytar kom banken inn på eigarsida då dei økonomiske problema melde seg. Etter kvart vart banken eineeigar – som eit alternativ til å slå hotellet konkurs. Liknande løysingar har banken hatt for andre eigedomar i Ørsta, med meir eller mindre hell. I fleire tilfelle har det tatt lang tid å finne nye eigarar, og dermed har banken brukt både tid, pengar og arbeidsressursar på å drifte eigedomar dei eigentleg ikkje vil ha.

Hotelldrift i Ørsta sentrum har ikkje vore lukrativt på lang tid. Det siste tilgjengelege rekneskapen for Hotell Ivar Aasen, frå 2015, er prega av raude tal. Underskotet i 2015 var over fem millionar kroner, og banken måtte skyte inn fire millionar kroner i «konsernbidrag». 2016- resultatet er ikkje presentert, men det synest klart at det vart eit nytt år men minus, sjølv om underskotet er redusert i forhold til året før.

Viking Fjord Hotell var det første turisthotellet i området, og dei nye eigarane frå Herøy reiste hit for å halde dåpsfestar for båtane sine. No har Fosnavåg fått sitt eige flotte hotell. Det same har Ulsteinvik.

Fosnavåg fekk sitt storhotell etter at reiaren Stig Remøy overtala Olav Thon personleg til å byggje hotell i Herøy under ein næringslivsmiddag i Oslo.

Dermed skrinla Thon-gruppa hotellplanar i Volda, og med det velta heile det ambisiøse Innovata-prosjektet. I Volda vert det framleis arbeidd for å få til eit nytt hotell. Ei plassering ved sjøen har vore på tale, men det ser ut til å vere vanskeleg å få alle krefter til å dra same vegen.

I Ørsta og Volda bur det rundt 20.000 menneske. Vårt område opplever stor vekst i turismen. Dermed bør det vere grunnlag for eit heilårsope, stort, hotell. Det bør ligge i Ørsta, for her er potensialet for reiselivsnæringa størst.

Den driftige og allsidige nestoren Per Sævik og hans familieselskap er velkomne. Vi ønskjer dei nye eigarane lukke til med arbeidet med å snu skuta. Det blir spennande å sjå om Thon-gruppa verkeleg vil satse på hotellet.

Samstundes gratulerer vi Sparebank1 Søre Sunnmøre, som endeleg fann ei løysing for hotellet. Og med det vart kvitt eit stort problem.