Arbeidarpartiet har fordelt verva på Stortinget. Det skjedde garantert ikkje etter loddtrekning. Ørsta sin Stortingsrepresentant, 27 år gamle Fredric Holen Bjørdal, hamna der dei fleste store saker i praksis vert avgjort, nemleg Finanskomiteen. Han har nok allereie fått dei første telefonane frå lokale ordførarar som vil tale for si sjuke mor.

I tillegg til å sitje i den prestisjefylte Finanskomiteen sit han no i Arbeidsutvalet, eller gruppestyret, til Arbeidarpartiet på Stortinget. Mellom partiet sine folk på Stortinget er han no rangert som nummer tre, etter partileiar Jonas Gahr Støre og nestleiar Hadia Tajik. Sjølv om Holen Bjørdal er andrekandidaten til Møre og Romsdal Arbeidarparti, er han no å sjå på som partiet sin fremste frå Møre og Romsdal.

Holen Bjørdal har ikkje vore spesielt synleg i sin første periode på Stortinget. Men han må ha jobba godt internt i Arbeidarpartiet. For eit slikt opprykk i hierarkiet til det største partiet i landet kjem ikkje av seg sjølv. No har han fire år på seg til å vise at han er verdt tilliten til Jonas Gahr Støre, og Ap-kameraten i Finanskomiteen, Trond Giske. Og med ei mindretalsregjering vert livet i opposisjon mykje friskare.

Karrierebyks kan det også bli for voldingen Jon Georg Dale (Frp). Det er ikkje ein einaste regjerinsgspekulasjon utan at han vert plassert i eit viktig departement. Kanskje kan Samferdsledepartementet vere noko? Han sit i Landbruksdepertementet no, men er allsidig. Og han er moden for større oppgåver enn å krangle md bønder.

Det blir spennande å følge dei to rikspolitikarane frå Ørsta og Volda vidare. Begge har vore politisk engasjerte sidan ungdomstida, og har jobba seg oppover. Kanskje kan deira karrierer også inspirere lokale ungdomar til å satse på politikken?