Kvinner på bygda tema for 8. mars

Då talet på kvinner i kommunestyret vart vesentleg redusert etter kommunestyrevalet i fjor, vart det ein vekkjar for mange.

Frå 8. mars-markeringa i Ørsta i 2014.  Foto: Janne-Marit M. Falch

Ordskifte

Tema for årets 8. mars i Volda og Ørsta er kvinner i lokalpolitikken og feminisme på bygda.

"Kva skjedde med kvinneandelen i kommunestyret i Volda? Kva gjer at kvinner stadig er underrepresenterte i lokalpolitikken, og kva gjer vi med det? Og kan vi skape meir rom for feminisme og kvinneperspektiv på bygda? Kva kvinnesaker er verd å kjempe for her ute i distriktet? "

Slik spør arrangørane av 8. mars-feiringa, Kvinnenettverket Kvinner opp og fram Ørsta og Volda.

Ei rekkje lokale bidragsytarar vil belyse teamet på årets 8. mars-markering, som er i Volda komande søndag.

- I tillegg er vi så heldige å få halde lokal sleppefest for tidsskriftet FETT sitt temanummer om feminisme i bygd og by. Vi vil få presentert temanummeret, som blant anna tek føre seg nettopp kvinner i lokalpolitikken. FETT har som mål å skape eit feministisk offentleg rom for debatt, refleksjon og informasjon, og ynskjer å opne opp og engasjere feministar i alle fargar og fasongar, heiter det frå arrangørane.

Programmet startar søndag ettermiddag med appellar i Uppheimsparken nedanfor rådhuset. Der etter er det tog til Geiranger Bakeri, og folk vert oppmoda om å ta med eigne paroler/handplakatar!

På Geiranger Bakeri vert det innslag med ordførar Sølvi Dimmen, forskar Bjarte Folkestad og ei rekkje engasjerte kvinner i Volda og Ørsta. Arrangementet er gratis, og ope for alle.

8. mars-markeringa vert avslutta på Volda filmetater med kino for ein 50-lapp og filmen "The Wife".