95 prosent av stemmene er talde i Volda. Ap, KrF og MDG ser ut til å bli dei store vinnarane (sjå valresultatet i grafikken over)

Ap går mest fram samanlikna med valet i 2011. Dei får ein oppslutnad på 21,2 prosent, 6,9 prosentpoeng meir enn ved førre val.

KrF og ordførar Arild Iversen går fram 4,3 prosentpoeng til 22,4 prosent.

Nykomaren Miljøpartiet Dei Grøne får heile 5,5 prosent av røystene, og det ser med det ut til at Øyvind Festø blir partiet sin første kommunestyrerepresentant i Volda.

Venstre og Høgre går mest tilbake i Volda. Frp held på sine fire mandat, men hadde nok forventa betre oppslutnad etter at Ferjelista vart lagt ned og Odd A. Folkestad stilte som ordførarkandidat for Frp. Ferjelista fekk to mandat ved valet i 2011.

Mandatfordelinga ser førebels slik ut:

Krf: 6 (+1)

Ap: 6 (+2)

Frp: 4 (uendra)

Sp: 3 (uendra)

Høgre: 3 (-1)

SV: 2 (uendra)

Venstre: 2 (-1)

MDG: 1 (+1)

Dermed ser det ut til at dagens samarbeidskoalisjon (KrF, Høgre, Venstre og Frp) framleis får fleirtal i Volda. Det gjenstår likevel å sjå om dei ønskjer å samarbeide. Venstre og MDG kan verte med på å danne fleirtal saman med dei raudgrøne partia.

Håvard Strand, Arild Iversen og Erlend Krumsvik er nøgde med at KrF ser ut til å verte det største partiet i Volda.

– Dette er eit klart svar frå veljarane når KrF har vore ordførarpartiet dei siste fire åra. Veljarane har tillit til det arbeidet som er gjort. Så vil sjølvsagt personstemmene vere med på å påverke det endelege resultatet, men eg meiner at det er rett å seie at KrF er valvinnaren i Volda! Seier Arild Iversen.

Framleis manglar om lag 150 stemmer, det er seint innkomne stemmer og såkalla framandstemmer

Ørsta: – Vi må vente på sentrum

Les også: Mariann rakk valet med eit naudskrik

Arbeidarpartiet: Jan Henning Egset (som gir seg for Ap) og ordførarkandidat Jørgen Amdam.
Håvard Strand, Arild Iversen og Erlend Krumsvik er nøgde med at KrF ser ut til å verte det største partiet i Volda.