Ørsta kommune og Norangdal grendelag bør ta kontakt med nettselskapa Telenor og NetCom for å få på plass mobiltelefondekning i Norangdal.
Det meiner brannsjef Einar Ytre-Hauge.Han seier dette i eit svar på ei uromelding frå Norangdal grendelag om naudnettet og mobiltelefon- dekninga i området.
Når det gjeld naudnettet, stadfestar brannsjefen at det er ei strekning der det ikkje er dekning, men at det er lova at dette vil kome. Han er meir uroa over mobiltelefondekinga.
– Det skal tidlegare ha vore kontakt med nettselskapa for å få dekning, men området er tydelegvis ikkje prioritert. På grunn av at fylkesvegen i Norangsdalen er svært rasutsett, er det spesielt viktig med samband i dette området, skriv brannsjef Ytre-Hauge.