Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Festspela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. – Innsatsen dei frivillige gjer, er avgjerande for at vi skal kunne ha fest og spel fire flotte dagar kvar sommar, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

Som frivillig på Festspela får ein god praksis innan kulturarbeid og ein unik sjanse til å knyte nye kontaktar. – Vi treng hjelp til mellom anna transport, billettkontroll, rydding, vakthald og parkering, seier ansvarleg for dei frivillige, Siri Beate Gjerde. Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement, t-skjorte og avslutningsfest med mat og drikke.

Måndag 18. juni kl. 20.00 er det informasjonsmøte i Aasen-tunet, både for dei som allereie har meldt seg og for dei som ønskjer å vite meir før dei tek ei avgjerd. – Den som har lyst, må ikkje nøle med å kontakte oss i Aasen-tunet eller kome på informasjonsmøtet, oppmodar Gjerde.