Hjørundfjordbondelag krev at Ørsta kommune utset gjødslingsfristen til 1. november. Våtemarker gjer det uråd å gjødsle.

– Hjørundfjord bondelag har med glede registrertat Landbrukskontoret i Ørsta har gjeve utsett frist forgjødsel-/silovæskepreiing til dei som har søkt. Likevel undrar det oss at landbrukskontoretberre har lengd fristen med 14 dagar, kommenterer leiar Knut Hustad.

Ekstremt ver

Han meiner det tvillaust kan brukast sterke ordom det vêret vi har hatt i sommar og til no i haust.

– Det er ikkje for sterkt å seie at det har voreekstremt mange dagar med regn. Og det er frykteleg vått/blautt på markene.  Det seier seg sjølv at vi må ha nokre dagarmed opphaldsvêr før vi kan køyre utpå markene med traktor og gjødselvogn.  Underteikna såg sjølv ein bonde somtydelegvis kjende seg tvungen til å køyre utpå ei attlege i Åmdalen sistlaurdag.  Det var svært trist å sjåresultatet, seier Hustad.

Fagfolk

Han understrekar at bøndene som fagfolk pålandbruk sjølvsagt kjenner til både mineralgjødselprisar, og kva som er mestlagleg tidspunkt for naturgjødselspreiing.

– Men vi vil kort og godt ikkje øydeleggeattlegane våre no, noko vi vil gjere ved å spreie t.d. 100 m³ gjødsel – mangehar større mengder – før 1. oktober, seier Hustad.

15. oktober

Hjørundfjord bondelag oppmodar diforlandbrukskontoret straks til å utsetje fristen for gjødsel-/silovæskespreiing for alle til 15. oktober.

– Har ikkje vêret vorte lagleg innan den tid,ber vi om at landbrukskontoret utset fristen automatisk til 1. november. Det erviktig å ha med seg at det er gardbrukarar som først har vorte ferdig medhoslåtten i løpet av dei siste dagane, poengterer Hustad.