Det er likevel langt tidlegare enn den fyrst planlagte avslutninga i 2023.

Viss alt går etter planen, kan 2014 verte eit år med stjerne i budsjettmargen for Ørsta, Volda, Ulstein og Herøy, dei lokale bankane, og 434 andre aksjonærar.

Då Eiksundsambandet vart godkjent som bompengeprosjekt i Stortinget, vart det føresett ei lokal innbetaling på 200 millionar kroner. Kommunane ytte 40 millionar kroner kontant, og bompengeselskapet tok opp 160 millionar kroner i lån hjå bankane.

– Aksjonærane skal ha igjen aksjeverdiane sine pluss prisstigning, seier dagleg leiar Svein Nærø i Eiksundsambandet AS.

Han kan fortelje at dei framleis opplev trafikkvekst, og tel ein auke på 5,2 prosent i 2012 – medrekna mai månad. I 2011 enda driftsinntektene opp på 38,2 millionar kroner, der rundt 33 av desse går til nedbetaling av lån. Resten går inn i ein pott som finansierer andre naudsynte tiltak.

Val

Måndag 4. juni var det generalforsamling i Eiksundsambandet AS der styret og aksjonærar som talde 640 stemmer var representert.

Håkon Vestnes og Kjersti Kleven vart valde til nye styremedlem, medan Elisabeth Strand Slettestøl og Bjørn Teigene vart nye varamedlemmer. Elles var det attval.

Nils G. Taklo vart samrøystes attvald til styreleiar, medan Hannelore Måseide får prøve seg i ein ny periode som nestleiar.

Dei andre styremedlemmene er Ann Britt Våge Fannemel, Anders Riise og Knut Nærø, medan Petter Bjørdal, Olav Sæter, Gunnar Strøm, Dag Eliassen og Arnulf Goksøyr er varamedlemmer.