I Vatnedalen og i Bjørdalen er ein i gang med hogst på vindfallet etter Dagmar, i tillegg til at det har vorte hogd i Bjørkedalen og i Hovdebygda-området. Det er eit krevjande terreng for hogstmaskinene til Næsbø Skog AS, men det å kunne drive hogst med maskinene er mykje meir effektivt enn taubanedrift.
– Rundt tjuefem prosent av alt vindfall i Volda og Ørsta ligg i taubanefelt. Hogstmannskapet prøver å kome seg så høgt opp i skogen som mogleg med hogstmaskin sidan det er meir effektivt, seier Hans Peter Eidseflot som sidan årsskiftet har vore engasjert av Allskog til å organisere vinfallhogsten i Volda og Ørsta..
– Store soner vert prioritert
Hogstmaskinene kan ta ut så mykje som 3.000 kbm i veka, men ein må også prioritere område, og om ein må late skogkantar stå att.
– Tidsplanen er å få teke så mykje som råd. Store homogene soner vert prioritert, og der det er bratt og vindfallet er spreidd, må vente. Dette har med økonomien å gjere. Ein krevjande del av oppryddinga er at ein ikkje tek meir skog enn det som er høgst nødvendig, seier skogbrukssjef Roger Nedreklepp.
Bjørnli tek over organiseringa
Så langt har Eidseflot organisert vindfallshogsten, men no vil skogbruksleiar Ola Bjørnli avløyse Eidseflot og ha ansvaret for organiseringa.
– Vi ser på dette som alvorleg og så viktig at vi har henta entreprenørar frå Trøndelag hit. Lokalt har det vorte gjort eit godt arbeid med registrering av skogskadar, men vi er ikkje sikker på at alle skogeigarar har vore og sett på skogen sin, seier Bjørnli som oppmodar skogeigarar til å ta kontakt om det skulle vere spørsmål.
– Frå avstand kan det sjå greitt ut, men når ein kjem inn i skogen kan det vere langt verre enn ein først trudde, seier Eidseflot.
– Det er hjelp på veg
Det vert også understreka at vindfallshogsten vil ta tid.
– Det er ei ubehageleg oppgåve opp i dette og prioritere kva område ein skal drive hogst, seier Bjørnli.
– Det er hjelp undervegs, og så må vi få opp farta i Volda, seier Nedreklepp.
For skogeigarar som ventar på hjelp oppmodar Allskog om at ein merker grenser og bytesteinar, samsnakkar med grannen om han også har vindfall, og at ein rydder unna skog og kratt langs eksisterande vegar og snuplassar. I tillegg til å skrape bilvegen.
– Ta omsyn
No når vindfallshogsten er i gang, vil etter kvart mange skogsvegar som også er populære turvegar verte nytta i arbeidet.
– Publikum må ta omsyn når hogsten startar, og her kjem til å gå tømmerbilar som nyttar seg av heile vegbreidda. Populære turvegar som i Mosdalen, Vallamarka, ovanfor Rystefeltet og frå Reset og nedover er område der ein må vere varsam, seier Eidseflot.
I område der ein må nytte seg av taubane må ein til utlandet for å finne arbeidskraft.
– Det er så få som driv med dette i Noreg. Difor prøver vi å hente entreprenørar frå utlandet. Dette vart også gjort i 1992, seier Nedreklepp.
Skadeomfanget større enn rekna med
Først vart det anslått at rundt 60.000 kbm med skog vart skadd av Dagmar, og då følte ein at ein tok godt i. Dette har vist seg å ikkje stemme, og skadane er om lag på 80.000 kbm skog.
– Det nærmar seg snart skadeomfanget frå orkanen i 1992. Dette har med at skogen har vakse så mykje sidan nyttårsorkanen, seier Eidseflot.
I 1992 vart det større verditap på skogen som vart lagra, medan tømmeret no går tidleg til Ørstaterminalen og vert skipa raskt ut.
– Økonomien går i hop
For mange skogeigarar er økonomien viktig når det kjem til vindfallshogst.
– Nettoen er ikkje så mykje å flagge for, men det meste går i hop. Der det er bratt og spreidd skog vert det likevel krevjande å få til noko økonomi i det. Fylkesmannen er også inne med verkemiddel til vindfallshogst. Vi set ikkje i gang med hogst før økonomien er klar for skogeigaren. Eg trur at frykta for store utgifter har gjort at mange skogeigarar har kvidd seg med å ta kontakt med oss, seier Eidseflot.
Køyrespor
Ein er no i ei opptrappingsfase når det gjeld hogst i Ørsta og Volda, og ei markant auke i talet på kubikk vil gjere at både maskiner, mannskap og vegar vert sett på prøve.
– Når det gjeld køyrespor i terrenget så vert dette vanlegvis rydda opp i med ein gang ein er ferdig. No har vi gitt beskjed til hogstlaga om at dei skal la det liggje, så vil vi komme tilbake seinare for å ta oss av det, seier Bjørnli.