Viss fylkestinget gjer vedtak om å gå vidare med Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga i bypakken, vil tilrådinga verte teken opp til nasjonalt plan, seier Volda-ordførar Arild Iversen.

Både Ørsta og Volda kommune har gjeve signal om at dei ønskjer å gå saman om ein bypakke, som mellom anna inkluderer realisering av Voldatunnelen, Ørstafjordkryssinga, hyppigare kollektivtrafikk, og utbetring av gang- og sykkelvegar.

Den omtalte bypakken representerer eit spleiselag mellom staten og lokalsamfunnet, der ein går inn med midlar for å få realisert dei nemnde prosjekta. Det krevjar uansett bompengefinansiering – eit dels upopulært, men naudsynt tiltak.

Volda-ordførar Arild Iversen seier begge kommunane har gjort sine prinsippvedtak, og vil få til eit samla formannskapsmøte med Ørsta, Volda og Statens vegvesen før sommaren.

Møte

– Det er neste steg i saka, og då nytte høvet til å diskutere Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga som eitt samla prosjekt med alle tre partane til stades.

Denne veka er merksemda derimot retta mot fylkestinget i Geiranger.

– Måndag til onsdag skal fylkestinget samlast der for å uttale seg om Konseptvalutgreiinga (KVU) for framtidig E39. Viss ein gjer vedtak om å gå vidare med Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga, kjem desse vegprosjekta til å verte inkludert i Møre og Romsdal fylkeskommune si tilråding på nasjonalt plan, seier Iversen.

Det er Stortinget som skal handsame saka sommaren 2013, og deretter avgjere om tunnelen og fjordkryssinga skal inkluderast i Nasjonal Transportplan (NTP) eller ikkje.

Upopulært, men naudsynt

Dersom bypakken skal verte ein realitet, er det uansett eitt upopulært tiltak som må setjast i verk – nemleg bompengar.

– Staten har sagt at heile prosjektet vert skrinlagt dersom ein ikkje aksepterer bompengeløysing. Vi vil ha trafikken utanfor sentrum, og då er vi nøydde til å bøye oss for det kravet, seier Iversen.

Han er fullt klar over at mange er negative til å måtte betale avgift for å kome seg inn og ut av regionen, men seier prisen på 20 kroner per passering er verdt det.

– Med tanke på framtida er det heilt naudsynt å unngå at stamvegtrafikken går gjennom Volda sentrum. Dette er prisen vi må betale, seier ordføraren.