Det er tette band mellom Tussa-konsernet og politikken i Ørsta. Fleire sentrale politikarar i Ørsta er knytt direkte til Tussa gjennom verv og arbeid.

Møre-Nytt har teke ein gjennomgang, og han viser at i formannskapet sit no tre av ni representantar med ei tett tilknyting til Tussa.

Ordføraren

Ordførar Rune Hovde var tilsett i selskapet som kraftmeklar før han vart ordførar, og har no permisjon. Han var fram til april 2011 også styremedlem i selskapet, som tilsetterepresentant.

Ola Perry Saure (Sp) er mangeårig styremedlem i Tussa Kraft AS. Han er ikkje nominert for ein ny periode, og vil etter alt å døme forlate styret etter generalforsamlinga i slutten av denne månaden.

Styret

Petter Bjørdal (Ap) har vore leiar i valnemnda i Tussa. Han har trekt seg frå dette vervet, då han er nominert til styreplassen som Saure vil forlate. Det skal mykje til for at generalforsamlinga vrakar Bjørdal sitt kandidatur.

Direktør

I kommunestyret er Per Are Sørheim gruppeleiar for Høgre. Han er også vara til formannskapet. Sørheim er administrerande direktør i Tussa24.

I kommunestyret sit også Signe Turid Barstad (Sp). Ho er styremedlem i Tussa, og står ikkje på val når generalforsamlinga skal velje styre om ei veke.

Dagleg leiar for Stiftinga Ørsta Næringskontor, Odd Magne Vinjevoll, sit i kommunestyret for Framstegspartiet. Tussa Energi AS er medlemsbedrift i næringskontoret.

Største eigar

Ørsta er den største eigaren i Tussakonsernet. Kommunen sit med om lag 36 prosent av aksjane i selskapet. Mange av kraftverka til selskapet ligg i Ørsta kommune, og dermed har kommunen avgjerdsmynde mellom anna i utbyggingssaker som Tussa har i kommunen.

Kommunen har dei siste åra teke i mot vesentlege beløp i utbyte frå selskapet, og med nullutbytet som er varsla i år, er det ein gong for alle vist kor avhengige kommunen er av Tussa. Resultatet til Tussa får direkte innverknad på kva tenestetilbod kommunen skal ha.

Kommunen tek også i mot konsesjonskraft frå Tussa. Dette er mindre beløp.

Viktig arbeidsplass

Tussatun, Tussa Kraft sin administrasjon, ligg også i Ørsta kommune. Dei aller fleste Tussa-tilsette har oppmøtestad på Tussatun, og såleis er Tussa ein av Ørsta sine største og viktigaste arbeidsplassar. Ikkje minst fordi Tussa er mellom dei selskapa som har størst grad tilsette med høgare utdanning i kommunen.

Les meir om saka i papirutgåva til Møre-Nytt torsdag.