Det seier tidlegare kommunestyremedlem Jan Magne Dahle (SV). I valkampen lanserte han og SV eigedomsskatt på verk og bruk, men møtte ingen respons. I nokre tilfelle vart utspelet prøvd latterleggjort.

– Eg merka jo meg innlegg i Møre-Nytt der det ironisk vart spurt om at var Grøvik Verk eller landbruk vi meinte med verk og bruk. Nemninga verk og bruk er definert spesifikt i lova om eigedomsskatt, og gjeld m.a. fabrikkanlegg utanom kontor og ikkje minst kraftverk. Viss Ørsta innfører eigedomsskatt for verk og bruk, er det i hovudsak Tussa Kraft AS som vert skattlagd. I dag er Ørsta kommune den einaste kraftkommunen eg kjenner til som ikkje har ei ordning med eigedomsskatt, seier Dahle.

Underskot

Han er overtydd om at det vert tvingande naudsynt for kommunen å vurdere eigedomsskatt. Dahle ser ingen annan utveg for å kome ut av den økonomiske knipa. Berre i år er det venta eit underskot på ti millionar kroner, og kommunen slit med å få betalt ned tidlegare års underskot.

– For Ørsta sitt vedkomande vil det ikkje handle om dårleg kommuneøkonomi, for kommunen har inntektsmulegheiter. Det vil handle om god eller dårleg økonomistyring, og det vil vere dårleg økonomistyring at ein kommune i posisjon til å styrke inntektsgrunnlaget ikkje vil gjere det. Det er berre å innsjå det, kommunen kjem ikkje ut av Robek-registeret dei komande fire åra viss det ikkje vert gjort noko med inntektssida, seier Dahle.

– Staten betalar

Han poengterer altså at han ynskjer eigedomsskatt på verk og bruk, og at det etter hans syn vil handle mykje om ei skattlegging av Tussa Kraft.

– Ei skattlegginga av Tussa vil dessutan gjere at det i hovudsak er staten som vil betale. Eigedomsskatten vert nemleg skrive ut frå selskapet sine verdiar før grunnrenteskatt og vanleg statsskatt vert skriven ut. I praksis vil inntektene til kommunen frå Tussa verte henta frå inntil 58 prosent av dei skattane staten elles ville ha fått. Eg synest det vil vere dumt å oppføre seg slik at den søkkrike staten skal få hente ut maksimalt med skatt frå Ørsta, medan vil sjølve ikkje gjer noko med det, seier Dahle.

Han minner om at det er 309 kommunar i Noreg som har eigedomsskatt, av desse har 180 kommunar eigedomsskatt også på privat eigedom. Det ynskjer ikkje Dahle.

– I gjennomsnitt tok alle dei kommunane som har eigedomsskatt inn 23 millionar kroner i året. Det er eit inntektspotensial som Ørsta også må kunne nytte, seier Dahle.

Ikkje sal av Tussa-aksjar

Han er klar på at Ørsta kommune sin økonomiske situasjon for tida gjer at tankar om ein fleirbrukshall er ganske fjern. – Det er eit misforhold mellom utgifter og inntekter i kommunen. No handlar det i fyrste omgang om faktisk å kunne utføre dei lovpålagde oppgåvene. For meg er det er det openbert at vi må kunne nytte det uutnytta inntektspotensialet vårt som ligg der gjennom eigedomsskatt på verk og bruk, seier Dahle.

– Kva med å selje Tussa-aksjar, som også har vorte foreslått?

– Det ville vere å pisse i buksa. Vi bør ikkje tenkje tanken ein gong, for då gjev vi frå oss arvesølvet, i staden for å kunne nytte det på ein fornuftig måte, seier Dahle.