Formannskapet drøfta forslaget til samfunnsdelen til kommuneplanen torsdag, og dessutan forslaget til ny planstrategi. Sjølv om slagorddebatten vart teken ut av saka og utsett, vart det ein omfattande debatt.

Noko av det som vart debattert mest grundig, var kva visjon Ørsta kommune skal ha.

I forslaget frå administrasjonen heiter det at visjonen bør vere: «Ørsta er midtpunktet i regionen. Våre unike kulturelle og naturgjevne ressursar gjev rom for engasjement, kreativitet og nyskaping. Vi gjer kvarandre gode!»

Jostein O. Mo (Ap) synest ikkje dette er ein god nok visjon.

Visjon

– Visjonen har for mange ord og for mykje innhald. Visjonen skal koplast til omdøme og vere omdømebyggjande., Det står at Ørsta er midtpunktet i regionen. Mange meiner vi er det, og mange vil også protestere fordi dei sjølve meiner dei er midtpunktet. Det står også at vi skal gjere kvarandre gode. Det er sjølvsagt, og det er eit leiaransvar, sa Mo.

Han foreslo primært at «Vi er her for kvarandre» erstatta heile den føreslegne visjonen, eller sekundært at setninga kom inn i staden for «vi gjer kvarandre gode».

– Å nytte «vi er her for kvarandre» er noko overordna. Det handlar om at det eg gjer her og no, det gjer eg ikkje for meg sjølv, men at vi gjer det for kvarandre. Dette er ein veldig krevjande visjon. Og implisitt i han ligg til dømes forholdet mellom sentrum og periferi. Visjonen vil jamne ut denne konflikten, sa Mo.

Entusiasme og skepsis

Forslaget til Mo vart motteke både med entusiasme og skepsis.

– Dette kan faktisk vere eit godt slagord også. Det vi må hugse er at visjonen må vere noko vi skal strekkje oss etter, sa Ola Perry Saure (Sp).

Wenche Volle (Frp) var begeistra.

– Dette var veldig godt. Eg synest ein visjon skal vere kort. Det som er foreslått frå administrasjonen er for langt, sa Volle.

Inger Sundnes (H) var skeptisk.

– Eg synest forslaget til Jostein Mo vert noko knapt. Visjonen skal vere ei førestelling om noko framtidig. «Vi er her for kvarandre» er ikkje eit hårete nok mål. Det må heller med at vi skal vekse og verte attraktive, sa Sundnes.

Månelanding

– Eg ynskjer ein månelandingsvisjon, og at han er lettfatteleg, sa Monika Rebbestad Barstad (H).

– Eg vil seie at forslaget mitt faktisk er ein veldig krevjande visjon. Ørsta har mykje å lære med det å vere til for kvarandre, sa Mo.

Eldar Rune Øye, som fungerte som rådmann i formannskapsmøtet, var heller ikkje begeistra.

– Det er målsetjingane som skal kome ut frå visjonen som er viktig. Eg synest forslaget til Mo vert litt kort viss det skal stå åleine. Vi må ha med det som er spesielt for Ørsta, sa Øye.

Etter ei prøverøysting, der fleirtalet sa nei til at «Vi er her for kvarandre» skal stå åleine som visjon, sa sju mot to (Høgre sine representantar) at visjonen bør vere følgjande:«Ørsta er midtpunktet i regionen. Våre unike kulturelle og naturgjevne ressursar gjev rom for engasjement, kreativitet og nyskaping. Vi er her for kvarandre!»’

Skulestruktur

Det andre store debattemnet under handsaminga av samfunnsdelen var bustadstruktur og skulestruktur.

Hans-Olav Myklebust (Frp) påpeikte at det i forslaget med vedlegg kunne tolkast slik at skulestrukturen skal endrast slik som det er foreslått frå levekårsutvalet i saka som no er ute til høyring. Myklebust meinte dette var uheldig.

– Saka er jo ikkje avgjort, men i samfunnsdelen vert det lagt opp til at føresegna er vedteken. Dette må endrast, sa Myklebust.

Han påpeikte dessutan at formannskapet godt kunne ha ein debatt om samfunnsdelen til kommuneplanen, men saka er ikkje drøfta i partigruppene enno, og Myklebust trudde at det ville kome fleire endringsforslag til handsaminga i kommunestyret.

Ola Perry Saure (Sp) var samd med Myklebust i dette. Han hadde dessutan lagt merke til det same som Myklebust når det galdt skular.

Sterkt sentrum

– I Ørsta har vi eit udiskutabelt sentrum. Det må vi arbeide for å styrke. Samstundes som vi skal ha eit sterkt sentrum, er det viktig at vi held oppe distrikta og utkantane. Då er det viktig at vi spelar på lag med innbyggjarane, og då er skule viktig. Å ha ein trygg skule vil også gje busetjing. I sentrumsområda må det fortettast, slik planen legg opp til, men samstundes må vi tenkje oss om slik at det ikkje medfører store skuleutbyggingar som vil gje økonomiske konsekvensar, sa Saure.

Både rådmannen og planleggjarane Gunnar Wangen og Gro Anita Bårdset var med på møtet. Bårdset forklarte at det i planen vert peika på at vekstområdet er Ørsta sentrum og Hovdebygda, og at det vil krevje høg utnyttingsgrad og fortetting som verkemiddel. Det vil vere behov for kring seksti bustadeiningar kvart år dei komande åra.

Gunnar Wangen forsikra om at skulestruktursaka ikkje var med i plansaka, sjølv om ho burde ha vore det.

– Men saka kom altfor seint, sa Wangen.

I debatten var dessutan spørsmål som eigne planar for samferdsel, frivilligheit og bustadpolitikk knytt til planstrategien oppe, og dessutan spørsmål om universell utforming. Kommunestyret skal handsame saka om ei og ei halv veke.