Rådmann Wenche Solheim rår planutvalet i kommunen om å leggje til side arbeidet med ny reguleringsplan for Prestegardsmarka på Sæbø. Rådmannen vil heller ta opp att saka i samband med utarbeiding av ein områdeplan for Sæbø.
Privat plan
Den private planen for bustadbygging på Prestegardsmarka vart utarbeidd i 2009. Framlegget vart fremja av Opplysningsvesenets fond. Alt ved oppstart av arbeidet vart det varsla motsegn frå sektormynde i Møre og Romsdal fylke. Planutvalet i kommunen handsama på oppmoding frå framleggsstillar ei prinsippsak der ein signaliserte ønske om utbygging av bustader på området sjølv om dette ville kome i konflikt med omsynet til dyrka jord og jordvern.
Planutvalet valde seinare å leggje framlegget ut på høyring trass signala om motsegn. Det kom inn ei rekkje merknader til planframlegget. Mellom anna var landbruksnemnda imot omdisponering av dyrka mark til fordel for bustader. Fylket la også ned motsegn i høve kulturminne. Og fylkesmannen si motsegn handla om landbruksinteresser.
Opplysningsvesenets fond gjorde kommunen merksam på at dei ville avslutte arbeidet med reguleringsplanen grunna motsegner og kostnader med eventuelle arkeologiske registreringar.
Fekk tilbod
Kommunen fekk tilbod om å ta over planarbeidet og å kjøpe det aktuelle tomtearealet. Kommunen bad om avklaring på kva vilkår som ville gjelde ved ei kommunal overtaking. Opplysningsvesenets fond sette då fram eit par alternativ for korleis dette kunne gjerast. Seinare har det ikkje kome fram noko nærare avklaring på vilkår eller kostnader for eventuell overtaking av planarbeid og areal.
Skisse
Før jul i fjor sende kommunen ein skisse til fylkesmannen for ei mogleg redusert utbygging, slik at ein kunne få ein uttale for dette. På den måten kunne ein kartleggje om det kunne liggje føre grunnlag for eit kompromiss i høve motsegna knytt til landbruksinteressene. I januar i vinter fekk kommunen svar om at motsegna ville verte oppretthalden, også med eit redusert omfang av reguleringsplanen.
Konkluderte
Rådmann konkluderer med at vanskane med å få fram eit planframlegg som kan godkjennast – og kostnadene med eit vidare planarbeid inklusiv kostnader knytt til arkeologiske registreringar og eventuelle utgravingar – gjer det naudsynt å avklare på kva måte saka skal handsamast vidare.
I framlegg til kommunal planstrategi er det foreslått å prioritere å utarbeide ny områdeplan for Sæbø. Dette arbeidet er enno ikkje formelt prioritert gjennom endelege vedtak. Men dette vil ifølgje rådmannen verte gjort før ferien.
– I planstrategien er det signalisert mogleg oppstart av planarbeidet i 2014, men dette er avhengig av ressurssituasjonen, seier rådmannen.
I ein slik områdeplan vil bustadbehov og strategi for å leggje til rette for bustader på Sæbø kunne vurderast i ein større samanheng i ein overordna plan, varslar rådmann Wenche Solheim.
– Den beste løysinga vil vere å avslutte arbeidet med reguleringsplanen no, og at ein tek opp spørsmålet til ny vurdering når områdeplanen vert utarbeidd, seier rådmannen i tilrådinga til planutvalet.