Dagen vart første gong markert i Danmark for 19 år sidan, og det blir arrangert turar over heile Norden for å vekkje folk si interesse for den ville floraen i nærområdet deira. I år er denne dagen søndag 17. juni, og her i området blir dagen markert i Aasen-tunet.

Erfarne blomekjennarar som Torbjørn Urke, Rune Pettersen, Knut Barlaup og Christoffer Bang står for den botaniske kompetansen, og vil leie blomevandringa som skal gå på gamlevegen opp til Aasen-tunet og ende opp ved herbariet til Ivar Aasen. Dei kan svare på mange spørsmål om villblomar, og har artige historier å fortelje om dei ulike blomane.

Aktivitetane på Villblomedagen er tilpassa barnefamiliar. Etter blomevandringa kan planteinteresserte samlast i utekafeen, og turleiarane svarar på spørsmål og fortel meir for dei som er ekstra interesserte. Det blir òg omvising i utstillinga der Ivar Aasen si plantesamling er stilt ut.

Ordløype til Barneboktua

Lurivar har nyleg opna sommarbiblioteket Barneboktua på Høgetua, og på stien opp til biblioteket har han laga til ei ordløype med spørsmål frå blomeriket. Spørsmåla er tilpassa både vaksne og born. Alle som går ordløypa på Villblomedagen er med i trekkinga av ein flott premie.

Arrangementet er eit samarbeid med Norsk Botanisk Foreining.