Tysdag 2. juni vil kronprins Haakon Magnus vitje Volda vidaregåande skule i samband med at skulen arrangerer «Dignity Day».
Det var kronprins Haakon sjølv som stifta Global Dignity saman med Pekka Himanen frå Finland og John Bryant frå USA. Kronprinsen sit i styret for den uavhengige organisasjonen. Dei jobbar for å skape verdigheit mellom folk, og rettar seg særleg mot ungdom. Under Dignity Day blir ungdom oppfordra til å fortelje og dele historier om verdigheit i kvardagen.
I 2010 besøkte kronprinsen Borgund vidaregåande skule i Ålesund i samband med Dignity Day.
– Målet med ein Dignity Day er å gjere elevane medvitne på kva verdigheit inneber, i eige og andre sitt liv, og korleis dette kan vere med å definere noko den enkelte kan gjere for å bidra til ein positiv skilnad i verda, heiter det på Kongehuset sine heimesider.
Global Dignity arrangerer også Global Dignity Day, som i år er sett til 21. oktober. I dag er organisasjonen etablert i meir enn seksti land.