Ho opnar dørene måndag 2. november, og vil vere tilgjengeleg i vekedagar, på kveldstid og i helgar.

– Eg er veldig nøgd med å få lokale saman med dei dyktige fysioterapeutane som er der. Eit tverrfagleg samarbeid er viktig for å kunne gi pasientane ei best mogleg oppfølging og behandling, seier ho.

Brei erfaring

Utdanninga tok ho over fem år i England på Anglo-European College of Chiropractic, og ho hadde sitt sjette år i turnus i Noreg. Etter enda utdanning har ho jobba ved klinikkar i England, Sogndal og Herøy.

– Eg har jobba med pasientar i alle aldrar og har fått brei erfaring innanfor allmennkiropraktikk, fortel ho. Samstundes har ho teke fleire kurs og vidareutdanning innan mellom anna tørrnåls-behandling, blautvevsteknikkar og svimmelheit.

– Eg tek også sikte på vidareutdanning innan pediatri, altså behandling av babyar, då dette er eit interessefelt, men eg ønskjer først og fremst å behandle pasientar i alle aldrar, understrekar ho.Kiropraktorar er gjerne mest kjende for å behandle ryggplager, men Lianes fortel at dei også behandlar andre tilstandar, som til dømes skulder- og armsmerter, kne- og fotsmerter, hovudverk og kjevesmerter for å nemne nokre.

God tid

No håper Kristine Overvåg Lianes at folk vil ta kontakt med henne.

– Ved første konsultasjon bruker eg god tid for å kunne gjere ei skikkeleg sjukehistorie, undersøking og behandling. Behandlingane deretter bruker eg ein halvtime på. Eg er oppteken av å finne årsaka til smertene og ikkje berre behandle symptoma, forte ho. Ein del av behandlingsopplegget er også å lære pasientane å ta vare på sin eigen kropp og best mogleg førebyggje sine eigne plager.

– Kiropraktorar er primærkontaktar og kan oppsøkjast utan at det går gjennom legen. Vi er autorisert helsepersonell og kan sjukmelde, og vise vidare til spesialist, fysioterapeut, røntgen, MR og CT ved behov. Det er berre å ta kontakt, oppmodar ho.