– Gjennom intensjonsavtalen får Ørsta Idrettspark vite våre behov. Vi har sett på dagens behov med dei idrettane vi har, i tillegg til utvida tid for m.a. handballen og nye idrettar. Då har vi kome fram til ca. 90 brukstimar, seier Andersen.
Det er framleis usikre faktorar knytt til bruken av fleirbrukshallen ifølgje Andersen.
– Når det gjeld dekket veit vi ikkje om friidretten kan halde på samtidig som ballsporten, og det same gjeld bruken av klatreveggen.
I dag har Ørsta IL i underkant av 40 brukstimar i Ørstahallen i veka.
– Vi meiner det vi no har kome fram til er realistisk, og vi vert den største brukaren av fleirbrukshallen på kveldstid.
– Kva slags idrettar vurderer de å starte opp med?
– Dei to som ligg nærast no er turn og landhockey. Visst andre sit med idear så bør dei kome fram no, seier Andersen. Ørsta IL er veldig positive til den nye fleirbrukshallen, og meiner at det vert ei stor forbetring for idretten i Ørsta. Klubbhuset til Ørsta IL er regulert vekk, men dei driv det som om det skal stå.
– Vi er positive til fjerning om det er nødvendig for prosjektet. Vi ser at det er ein heil del funksjonar som kan flyttast til fleirbrukshallen, men for nokre funksjonar treng vi klubbhuset.