Vervarslinga ber vestlendingane bu seg på store nedbørsmengder fram mot julafta. Meteorologisk institutt har sendt ut eit såkalla A-varsel. Det er første teikn på eit potensielt ekstremver, og eit teikn på at meteorologene overvaker versituasjonen.

– Det kjem eit lågtrykk som har med seg veldig fuktig luft, det vi kallar ei atmosfærisk elv. Det er fuktige luftmasser som løyser seg ut i form av regn når dei møter fjella. Høge temperaturer gir i tillegg snøsmelting, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Gunnar Livik til yr.no.

Dei som bur sør for Stadt må ta største støyten. På Yr kan vi lese at nedbørsfeltet treff Ørsta med full tyngde natt til Veslejulafta. Yr.o melder 65 mm nedbør frå fredag kveld til laurdag formiddag i Ørsta. Men nedbøren kjem frå vest/nordvest og dermed vert ikkje temperaturane spesielt høge for årstida, så det kjem til å avgrense snøsmeltingseffekten.