– Den gamle varmerekorden for mai var 27,2 grader. Dette var offisielle målingar både i 1988 og 2012. Sjølv målte eg 27,7 grader, seier Arild Stokke.

Dei siste dagane har det vore sydenstemning i Noreg og på Søre Sunnmøre. Varmerekordane har stått for fall over store delar av landet. Onsdag vart varmerekorden i Ørsta tangert med ei måling på 27,2 grader på Ørsta-Volda lufthamn, og på den siste maimånaden vart ein ny varmerekord sett.

– Det ofte brukt å vere ganske varmt i mai. Det har vore enkelte dagar med 25 og 26 varmegrader, men det har ikkje vore slik som i år. Natt til fredag kom det 0,8 mm med regn. Så systemet fungerer framleis for dei som måtte byrje å tvile, seier Stokke med eit smil.

Eit tørt 2018

Vêråret så langt har gitt oss lite nedbør og mykje stabilt vêr. I januar kom det 158 mm med nedbør og normalen er 205 mm. Snittemperaturen var på 0,1 grader, 0,8 grader over normalen. I februar registrerte Stokke 48 mm med nedbør. Normalen er på 169 mm. Makstemperaturen var 6,7 grader den 17. februar og minus 12,8 28. februar. Også i februar var snittemperaturen 0,1 grader, 0,4 grader over normalen.

Trenden frå dei to første månadane i 2018 heldt fram i mars, men det vart ein kald månad. Då kom det 96 mm med nedbør og normalen er 176 mm. Makstemperaturen var 10,1 grader 23. mars og minimumstemperaturen var minus 15,3 1, mars. Snittemperaturen var minus 1,2 grader, 3,1 grader under normalen.

I april vart det registrert 79 mm med nedbør, og normalen er 124 mm. Makstemperaturen var 19,5 den 19. april, og minimumstemperaturen var minus 7,6 grader 3. april. Snittet var 6 grader, 1,7 grader over normalen. I mai kom det 38 mm med nedbør, og normalen er 85 mm. Mest nedbør på eitt døgn var 13 mm den 10. mai. Snittemperaturen var 13,5 grader. 4,3 grader over normalen.

– Til og med mai har det kome 420 mm med nedbør. Det er 340 mm under normalen. I 1972 var eit endå tørrare år. Då kom det 269 mm med nedbør til og med mai, og berre 16 mm i mai.

– Korleis vart vêret dei neste månadane i 1972?

– Det kom 50 mm med nedbør i juni, 39 mm i juli og 99 i august.

Dermed er det håp om at det gode vêret som har vore i mai kan vare utover sommaren i 2018.