Då møtest koalisjonskameratane i denne politiske perioden, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet, for å gjere fotarbeidet for saker som skal opp i kommunestyret. Med andre ord: Dei avgjer mykje på kammerset. Og sjølv om det kan vere dels lang avstand i partia sine grunnleggjande syn og ideologiar, så forlèt gruppeleiar Jostein O. Mo (Ap), varaordførar Karen Høydal (Ap), gruppeleiar Ola Perry Saure (Sp), ordførar Stein Aam (Sp) og gruppeleiar Hans-Olav Myklebust (Frp) møta nøgde – og samde.
Kamelar
– Diskusjonar har vi sjølvsagt, men eg personleg har svelgt forbausande få kamelar, og vi har alltid vorte samde til slutt, fortel ordførar Stein Aam.
Etter tre år ved makta i Ørsta osar det av stoltheit dei tre partia imellom når dei vil fortelje om alt dei har fått til for Ørsta sitt beste – i mange saker også i samarbeid med andre parti. Plankekøyring har det ikkje alltid vore. Og det er her ordføraren trekkjer fram Ola Perry Saure som ein sentral aktør for den politiske semja, denne strategen som synkroniserer alt – også for å få opposisjonen til å vere med.
– Ola Perry gjer ein formidabel jobb, rosar partikollega Aam.
Når vi spør om oppskrifta for det som må karakteriserast som eit svært vellukka politisk samarbeid, får vi dette svaret:
Respekt
– Det handlar om å ha respekt for kvarandre sine utgangspunkt, å fokusere på det vi har felles og ha vilje til å få til noko saman. Alle parti må føle at dei får noko. Og så er det viktig å ha ei «vi-haldning» og ikkje vere egoistar. Personkjemien er også viktig. Dessutan har vi alle lang politisk røynsle, og det kan vere ein fordel, seier Høydal, Aam, Saure og Myklebust.
Stein Aam rosar samarbeidet med varaordførar Karen Høydal som ofte har politiske «stemnemøte» på rådhuset.
– Karen har gitt meg formidabel støtte, sjølv om ho til tider kan vere på grensa til å vere stirrig, seier ordføraren, også med glimt i auga.
Kvar måndag morgon samlar ordføraren Karen Høydal og rådmannen til møte på ordførarkontoret, ein ny praksis som dei finn svært nyttig, og som gir resultat.
Fleirtalsgruppa har i løpet av tre år fått til mykje, også med god støtte. Vi får ei liste i handa og må ta sats:
Ørsta sentrum:
Sentrumsplanen, utvikling av Amfi, Svendsenhagen, nytt legesenter, fleirbrukshall, ny brannstasjon og brannbil, bustader for unge funksjonshemma, ny terminal på Mørebil-området, ny bru på Melsgjerdet, ny tømmerkai, vedtak om nytt symjeanlegg, vernevoll på Vallabøen, «nytt» sørvistorg og ikkje minst ny vidaregåande skule som det er venta skal kome eit igangsetjingsvedtak for i haust, når lagnaden for Nordøyvegen er avklart.
Vartdal:
Ny skule og fleirbrukshall, idrettsanlegg, bustadfelt, Rorbuer ved Ramobuda, utbygging for Vartdalgruppen, Profunda og Vartdal Plast.
Sæbø:
Byggjefelt på Sæbøneset, barnehageutviding og høgst truleg ny Sæbønesveg.
Bjørke:
Opprusting av Finnesvegen og utbygging av mobilnett.
Legene:
Bustadfelt, framtidig skule på Legene, gang- og sykkelveg og utbygging av barnehagen.
Follestaddalen:
Ny bru i Kolåsen og på Standal.
Liadal:
Bustadfelt under arbeid.
God samarbeidsklima
Fleirtalskoalisjonen finn grunn til å rose det dei karakteriserer som eit godt samarbeidsklima i kommunestyret, med ein løysingsorientert og samla vilje til å få til noko, og er glade for at det i mange store, viktige saker har vore stor og brei semje, og at vedtak er gjort etter fellesframlegg. Også administrasjonen i kommunen får ros.
– Rådmannen og staben forstår dei politiske signala og samspelet med politikarane, og innrettar seg etter dette og matar oss med godt grunnlagsarbeid, erfarer Høydal, Aam, Saure og Myklebust.
Dei meiner at ei meir aktiv rolle opp mot fylkestinget også har ført til resultat, m.a. i saka om ny vidaregåande i Ørsta.
Milliard
Kor mykje pengar som er nytta, og skal nyttast, i denne politiske perioden kan handle om rundt ein milliard. I dag har kommunen rundt 950 millionar i lånegjeld – eller 75.000 kroner per innbyggjar.
– Samanlikna med kommunar i nærleiken, er ikkje dette mykje, og vi har god kontroll på økonomien, forsikrar Stein Aam.
Det vart nyleg fjerna 73 millionar kroner frå budsjettet for å kunne prioritere nytt symjeanlegg ved den nye Ørstahallen. Dette gir ein gevinst på 3,5 millionar i form av rente og avdragskostnader, pengar som kan nyttast til investeringar. Sjølv om kommunen har brukt mykje pengar siste åra, er dei regjerande partia klare: Det vert ingen auke i eigedomsskatten som i dag utgjer 21 millionar i året frå innbyggjarane. Ingen av partia ivrar etter eigedomsskatten, og Frp vil fjerne han fullt og heilt. Men alle dei tre partia meiner likevel at denne skatten no er nødvendig slik den økonomiske situasjonen er. Og fleirtalsmakta trur ørstingane aksepterer skatten.
– Det er fordi dei ser at det skjer noko i Ørsta, at mange ting vert vedtekne, at vi får utvikling, vert meir attraktive og at folk får att noko for skatten, opplever koalisjonskameratane.
Dei meiner det er grunn til å heve glasa for alt som har kome, men er likevel edruelege nok til å meine at tida er inne til å seinke krava litt, etter år med store, tunge investeringar. Det betyr ikkje at det ikkje skal brukast pengar framover. Men ikkje slik som dei siste åra.
– Vi har fått til veldig mykje og Ørsta har styrkt posisjonen som eit senter på Søre Sunnmøre der vi har vorte langt meir attraktive både for folk flest og for næringslivet. Difor har vi også ei fin folketalsutvikling. Men framleis skal det brukast pengar på viktige saker. Vi vil gjerne ha innspel og engasjement frå folket, oppmodar Høydal, Aam, Saure og Myklebust.
Stein Aam sitt hjarte bankar mykje for ein bilveg til Eitrefjell, og så vil han ha tiltak som reduserer sjukefråveret. I dag går kring hundre kommunalt tilsette til ei kvar tid sjukmelde. Dette meiner ordføraren er for mykje. Karen Høydal meiner kommunen må bu seg på at det vert fleire eldre i Ørsta i åra framover.
– Og så vil eg ha fleire kvinner med i politikken. Det er viktig!
Nominasjon
Stein Aam sit altså i sitt tredje år som ordførar. Neste år er det val, og då er det vel berre å verte renominert og satse alle kort på fire nye år med Ap, Sp og Frp i Ørsta – eller?
Det humrar rundt bordet på ordførarkontoret. Det er for tidleg å svare sjølv om nokre sikkert har bestemt seg for om dei vil hoppe av politikken eller ikkje.
– Det har vore vanvitig kjekt å vere ordførar i Ørsta, sjølv om eg har lange arbeidsdagar med opptil 80 timars veke, inkludert gardsdrifta på Vatne. Så lenge ting er positivt, er ikkje det noko problem. Eg er heldig som har god helse, fortel 68-åringen.
– Men stiller han til attval?
– Det er freistande, men alderen tyngjer. Det er også slik at mine næraste har gitt avkall på mykje fordi eg har brukt så mykje tid på politikken. Slikt står det respekt av, seier Stein Aam.
Han vil bruke sommaren til å tenkje. Kanskje er det også ei heime som har eit ord med i laget når sjefen blant koalisjonskameratane skal gi eit svar?