Det sa Inge Kolås (Frp) frå talarstolen då kommunestyret diskuterte grensejustering for Bjørke og Viddal krins frå Ørsta kommune til Nye Volda kommune.

– Bjørke er ein juvel, men det er kanskje farleg å seie. Vi er nøydde til å ta denne saka og tore å vere med i debatten. Saka kjem til å gje oss utfordringar. Vi skal respektere folkeavstemminga. Eg vil oppmode om at vi førebur oss på debatten som kjem om kommunane.

Kolås meiner at løysinga ikkje er å gje frå seg Bjørke, men heller gå i samtalar med Volda og Hornindal kommunar.

– Dette kan vere løysinga. Då har også dokke som har stemt nei til samanslåing ein veg ut mørkeret som de har kome opp i.

– Beredskap bør vege tungt

Ola Perry Saure spøkte med at denne saka er eit glimrande høve til å bli kvitt han frå lokalpolitikken i Ørsta. Saure peika på at beredskapen bør vege tungt i denne saka, i tillegg til kva fleirtalet på Bjørke meiner.

– Eg har von om at blir skriftleg votering og ein ryddig prosess der det ikkje er tvil om kva folket meiner, sa Saure.

Per Are Sørheim (H) sa at han skjønte dei unge på Bjørke som står bak søknaden som fører til utgreiinga om grensejustering.

– Det er store verdiar på Bjørke, og det er kanskje den mest verdifulle utkanten vi har. Dette er kommunesamanslåing 2.0. Eg tykkjer at Stranda-ordføraren er på rett spor. Tenk å få ei kommune med Geiranger, Loen og Hjørundfjorden innanfor same kommunegrense. Det er å byggje distrikt.

Odd Magne Vinjevoll (Frp) understreka at innbyggjarane i Bjørke og Viddal krins er ute etter gode tenester.

– Det viktigaste vi kan gjere er å høyre på dei som bur på Bjørke. Viss vi kan tilby dei gode tenester reknar eg med at det er freistande å halde fram i Ørsta kommune. Kommunen har og gitt dei tilbod om kjøpe dei tenestene dei treng der dei vil. Viss vi lyttar til dei innspela som kjem frå Bjørke så kan vi tilpasse dei gode løysingane.

Ordførar Stein Aam poengterte at han for han er neste fase i saka til sommaren når Fylkesmannen har gjort unna sitt arbeid og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjort sine vurderingar.