Også bebuarane på Fjordtorget ved Shell er plaga av støy frå rånarane.
– Shell fungerer som samlingsplass på kveldar og i helgar, og det er ofte uforsvarleg støy frå området. Dette er svært sjenerande for bebuarane i Holmegata 6–8. Til tider er det så ille at det går sterkt ut over nattesøvnen til enkelte.
Det skriv Øyvind Amdam, på vegner av Ørsta Terrasse Seksjonssameige, i eit innspel til områdeplanen for Ørsta sentrum. I innspelet skriv Amdam at bebuarane i sameiget er for eit aktivt sentrum og at dei forstår godt at dei unge «rullar» og finn møtestader.
– Vi har ikkje råd til å mislykkast
– Dette er uskyldig moro i utgangspunktet, men det er viktig å forstå når det ikkje er moro lenger
– Likevel må ein kunne vente at det er alminneleg ro og fred seint på kveld og natt. Generelt bør kommunen vurdere støysoner i bustadområde. Vi ber difor om at det vert vurdert tiltak for å avgrense støy frå området, skriv Øyvind Amdam.
I Innspelet ber han kommunen også om å ta omsyn til den samla trafikkbelastninga i området og viser til at folk i sameiget har leilegheiter både mot Anders Hovden-gata og Holmegata, og dels mot Ivar Aasen-gata.
– Politiet må ta ei meir aktiv rolle
Parkeringssituasjonen er også noko sameiget er oppteken av fordi sameiget sine parkeringsplassar er ettertrakta av mange. – Ved arrangement i området ved sentrumsskulane, kulturhuset og idrettsanlegget vert ofte sameiget sine parkeringsplassar nytta. Dette er til tider eit irritasjonsmoment for sameiget og restauranten ved Fjordtorget som ikkje har tilgang på eigne parkeringsplassar. Vert belastninga for stor, må sameiget innføre tiltak for regulert parkering, skriv Amdam. Han fryktar forverra situasjon når den nye Ørstahallen opnar og det kjem ny vidaregåande skule.