Paviljongen vart bygd på 90-talet med tak av tre. Dette byrja etter kvart leke vatn, noko som førte til at underliggjande treverk også rotna. Noko måtte gjerast for å redde paviljongen, og i fjor haust vart det inngått eit samarbeid mellom Volda kommune, Styrk arbeid, Mesterhus og Ørsta vedlikehald om å byte ut taket.

Førre veke vart det nye paviljongtaket offisielt#<\p>«opna», i god tid til 17. mai-feiringa.

Ordførar Arild Iversen fortel at ein først hadde ønske om å bruke skifer på taket, men det ville truleg verte for tungt. Difor fall valet på kopar, eit material som ein også finn på kyrkja og gamlebanken som ligg like ved.

– Dette kjem til å halde i minst hundre år, seier Iversen, som meiner det nye taket hevar standarden på området.

– Eg håper parken kan verte meir brukt. Eg vil invitere alle til å nytte han.