Skikøyring har vore ein viktig del av livet til Karsten Gefle. Som treåring start han med alpint, og då han vart tjue år start han aktivt med frikøyring. Då han byrja med frikøyringa flytta han også til Chamonix, og leika seg i alpane halve året.

– Eg var i Oslo andre halvdelen av året, og studerte ved sida av skikøyringa. Så fekk eg meg endeleg kjærast igjen, og vi måtte ta ei avgjerd om kvar vi skulle bu. For meg var det uaktuelt å bu i Oslo heile vinteren, og vi enda opp med å flytte til Ålesund. No har vi ein heimstad med gode moglegheiter for å kome seg ut på tur. Eg har også snille svigerforeldre som har lagt mykje til rette, og ordna jobb til begge to, seier Gefle.

– Angrar ikkje på valet

Svigerforeldra til Gefle er inne på eigarsida i Sagafjord hotel, og Gefle arbeider no med marknadsføring og aktivitetskonsept.

– Eg har vore her tidlegare både i samband med ferie og jobb, og har filma i fjellheimen. Det har gjeve meirsmak, og vi angrar ikkje på valet om å flytte til Sunnmøre.

– Beste området for toppturar

Det er rundt eitt år sidan Gefle flytta til Ålesund, og før han flytta hit var ikkje Hjørundfjorden så veldig kjent innanfor skimiljøet.

– Eg hadde eigentleg ikkje høyrt om Hjørundfjorden for to år sidan. Geirangerfjorden er noko som alle har høyrt om, men spør du meg så er Hjørundfjorden mykje meir spektakulær. Men for all del så er det fint i Geiranger med. Eg trur vi skal klare å setje Hjørundfjorden meir på kartet, og det er eit utruleg stort potensial i området her. Av det eg har vore bort i så er dette det beste området for toppturar. Heile ramma rundt med fjell og fjordar er fantastisk. Her er turar for alle frå sjukt bratte fjell til kosekøyring. Det skaper moglegheiter for å samle mykje folk. Føresetnadene for at Hjørundfjorden skal verte det nye «hotte» toppturområdet er på plass, seier Gefle.

«Oppdrag Sunnmøre»?

I vinter har Gefle vorte eit meir kjent ansikt for dei aller fleste gjennom deltakinga i NRK-serien «Oppdrag Nord-Noreg». Det er enno ikkje bestemt om det vert ei ny utgåve av serien, men Gefle håper at neste utgåve vert «Oppdrag Sunnmøre».

– Eg håper veldig på det. Eg var med på «Oppdrag Nord-Noreg» som utøvar, og det er ikkje eg som tek valet. Likevel så håper eg å få konseptet hit og at eg kanskje kan få vere med sjølv. Skal ein få til noko slikt så er ein heilt avhengig av lokale krefter. Nord Noreg fekk eit løft etter at vi var der no, og det er viktig at vi kan vere med på å inspirere spesielt ungdomen, men også folk generelt, til å bruke naturen. Gjennom både «Oppdrag Sognefjorden» og «Oppdrag Nord-Noreg» har vi fått vist fram ulike sportar, og vi har fått vist folk at vi ikkje berre er ein gjeng med galningar.

– Vintersesongen kan verte like stor som sommarsesongen

Gjennom det året Gefle har vore busett på Sunnmøre har han merka at interessa for Hjørundfjorden har vorte større.

– Tidlegare har vintersesongen vore eit problem her, men eg er overbevist om den kan verte vel så stor som sommarsesongen. Temabasert reiseliv er noko som er i vinden, og folk vil gjere noko aktivt når dei ferierer. Vi treng også fleire initiativtakarar som ser potensialet her. Vi har mange gode støttespelarar rundt om i arbeidet med å marknadsføre området, og støtta og engasjementet frå lokalbefolkninga har vore formidabel. Det vert viktig framover at alle trekkjer i same retning for at vi skal klare å gje området den statusen som det fortener, seier Gefle.